Hopp til innhold
X
Innhald

Vetle Lid Larssen

Vetle Lid Larssen er forfattar og journalist. Han debuterte med intervjuboka "Mannfolk" i 1989.

Vetle Lid Larssen, fødd i 1960, er forfattar og journalist. Han debuterte med intervjuboka Mannfolk i 1989 og har seinare utmerkt seg med ei rekkje gode portrettintervju, mellom anna i Morgenbladet og Aftenposten. I 1990 gav Larssen ut romanen 2, ei oppvekstskildring og eit oppgjer med 68-generasjonen. Thrilleren I engelens munn kom i 1992 og vidare romanane Kjærlighet før øya synker (1996), Himmeltårnet (1999) og Norske helter (2007). Larssen har òg skrive skodespelet Kongen (2006) og essaysamlinga Anti-sex (1998). Han fekk Gullpennen i 1991. I 2015 kom sjølvbiografien Hvordan elske en far – og overleve.

Først publisert: 10.05.2016
Sist oppdatert: 10.05.2016