Hopp til innhold
Amund Mork. Frå Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane.
Amund Mork. Frå Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane.
X
Innhald

Amund Mork

Amund Mork var lærar, kulturarbeidar og bygdediktar. Han skreiv «Du Nordfjord» i 1918, diktet som har vorte nordfjordsongen framfor alle andre.

Amund Mork var fødd 15. desember 1884 i Oppstryn og døydde same staden 27. juli 1964. Faren var bonde og underoffiser i forsvaret. Etter folkeskulen gjekk Mork Fylkesskulen på Nordfjordeid, med eksamen i 1903. I 1908 tok han eksamen ved lærarskulen i Volda og var lærar i Stryn frå hausten same året. Lengste tida, frå 1916 til 1948, var han lærar i Erdal krins i Oppstryn.

Mork var aktiv i ungdomslagsrørsla og var leiar i Oppstryn ungdomslag i to år (1909 og 1914) og styremedlem i Firda ungdomslag 1914–22. Han var med i Oppstryn strykeorkester, der han spela fiolin. Mork var mykje brukt som prologskrivar i lokale lag og organisasjonar, og han hadde mange dikt på trykk i lokalaviser og blad. Tekstane hans er for det meste høvesdikt, prega av sterk kjærleik til Nordfjord og bygdene der. Ofte er dikta samtidskommentarar og/eller folkelivsskildringar.

I 1920 arrangerte Firda ungdomslag ein konkurranse om beste nordfjordsong. I juryen sat Marius Hægstad, Rasmus Stauri og Martin Birkeland. Det kom inn 59 tekstar. Mork fekk tredjepremie, med «Fagre fjellheimen opnar seg». Det vart ikkje delt ut førstepremie, men Elling Reme fekk andrepremie med «Signe den første som Nordfjord fekk skoda». I ettertid er det Mork sin song som har vorte mest brukt av desse tre.

Mork gav ut berre éi bok, Vestavind (1931), eit utval av dei tekstane han hadde skrive til då. Eitt av dikta i samlinga er «Du Nordfjord, min fagre og fjellsterke heim», som Per Bolstad har sett tone til. Diktet vart første gong trykt i eit referat frå årsfesten i Nordfjordlaget i Bergen 15. februar 1919, der dei hadde nytta songen. Teksten, slik han vart presentert i lokalavisa Nordfjord (Sandane), hadde sju strofer og er datert «Uppstryn, jolaftan 1918». Tonen var då «Eg ser dette landet», komponert av Rasofiel Rise. «Du Nordfjord» er også trykt i Nordfjord-songbok, 1922. Songboka har med alle sju strofene, medan i Vestavind har songen berre dei fem strofene som har vorte vanleg å nytte som allsong.

Mork skreiv også eit spelstykke for ungdomslag, Gull og grøne skogar, som var utklippsbok i Fjordabladet (Nordfjordeid) i 1924.

I 2013 kom ei større samling av Mork sine prologar, songar og dikt, Nordfjord-diktaren Amund Mork – og samtida hans, redigert og med innleiing av Anny Berge Alsaker. Alle dikta frå Vestavind er med her.

«Fagre fjellheimen opnar seg» frå 1920

Fagre fjellheimen opnar seg,
ljuvlege Nordfjorden svingar
Inni landet og finn seg veg,
vent under Gjengalundbringa.
Langt inne solbjarte snøfjelli
kyrr homom tvingar.

Bredar glitrar i gull om kveld,
blåblanke fjellvotni blinkar.
Bekkar sildrar og fossar fell,
havet med rikdomen vinkar.
krunhjort i skogar og villrein
ved storbreden linkar.

Eg, lik fedrane kjenner godt,
at eg i kjærleik er bunden.
Til mitt Nordfjord i stort og smått,
radt ned til rosa på runnen.
Blakken og båten og ljåen
og lidi og lunden.

Gamle Nordfjord, Gud signe deg!
Mannsemne her vil du finne
Deg ein høveleg framtidsveg
saman med stråløygde kvinna.
Arven de ber på er fullgod
og fram skal du vinna.

Amund Mork sin song om Nordfjord som kom på tredjeplass i ein konkurranse av Firda ungdomslag i 1920 om beste nordfjordsong. Mork skreiv to nordfjordsongar, ein i 1920 og ein i 1918. 
«Du Nordfjord» frå 1918 (også kjend som «Nordfjordsongen», då med to strofer i tillegg – desse står i kursiv nedanfor)

Du Nordfjord, min fagre og fjellsterke heim,
du fylgde meg ut i den framande sveim.
Eg ser dine kollar og nutar og tindar,
dei skogklædde åsar og grasgrøne rindar.

Nei aldri eg gløymer den glitrande fjord,
som sylvblank der inn gjenom fjellheimen foor.
So storfullt og stilt han um strenderne skvalar
og møtest med elvar fraa fjell og fraa dalar.


Eg minnest, eg minnest som mangt um meg sjølv,
frå den tid eg reika i bygd og på støl,
um høyslått på vollen og sigling på sjøen,
um blomar eg plukka der heime på bøen.

Og tunet der heime, eg ser det så klårt,
og stova og hagen og alt som var vårt,
det leikar i hugen når ute ein vankar,
og tidt ber det heimatt med hug og med tankar.

Me tidt gjekk paa stølen og fekk oss ein graut.
Og høyrde paa kulokk og lurlaat og raut.
Og seli var fulle av gjentor og gutar
i fjellvotni spegla seg blaablanke nutar.


Eg minnest han far med dei manande ord
og mor, ho som gret då frå heimen eg for.
Dei gav meg det beste av alt det dei visste.
Gud hjelpe og styrkje dei alt til det siste.

Gud signe då Nordfjord frå brede til hav,
og takk for slik fager ein heim du oss gav.
La lukka då fylgja kvar mann og kvar kvinna,
lat hugnad i heimen kvar nordfjording finna!

                               Uppstryn, jolaftan 1918

Diktet «Du Nordfjord, min fagre og fjellsterke heim» av Amund Mork. Nordfjord 25.2.1919. Referat frå årsmøte 29.1.1919 og frå årsfesten 15.2.1919, Nordfjordlaget i Bergen.

 

Kjelder

Anny Berge Alsaker: Nordfjord-diktaren Amund Mork – og samtida hans. Stryn 2013

Ove Eide: «‘Eit teikn på kjærleik til heim og heimemål’. Tre kapittel i soga om nordfjordsongar og nordfjorddikt», i Årbok for Nordfjord 2019

Olav A. Loen: «Amund Mork», Bygda gav diktarsyn. 25 forfattarportrett. Trondheim 1970

Ola Nyhagen og Sverre Folkestad: «Nordfjordsongen – ein livskraftig 100-åring», i Ljøren. Sogeskrift for Gloppen, 2019

Referat frå årsfesten til Nordfjordlaget, signert «T»: «Nordfjordlaget i Bergen», Nordfjord (Sandane) 15.2.1919

Peikarar

Forfattarside om Amund Mork på nettstaden «Forfattarar frå Sogn og Fjordane», forfattarar.sfj.no

Amund Mork: Vestavind. Oslo 1931. Tilgjengeleg i Bokhylla, nb.no


Først publisert: 27.07.2018
Sist oppdatert: 16.12.2019