Hopp til innhold
X
Innhald

Ragnhild Magerøy

Ragnhild Magerøy, 1920–2010, var forfattar. Ho debuterte med romanen Gunhild i 1957, følgd av mellom andre Forbannet kvinne i 1958. Magerøy skreiv fleire romanar med emne frå norsk og nordisk høgmellomalder, mellom andre Dronning uten rike (1966), Mens nornene spinner (1969), Kvassere enn sverdet (1974), Baglerbispen (1976) og Jorsal (1982).
 
I 1985 kom novellesamlinga Miriams kilde, i 1987 Risens hjerte og andre fortellinger. Ho skreiv òg essay, mellom anna i Spotlight på sagaen (1991) og Tusmørkefabler og sannferdige eventyr (2003).
 
Magerøy fekk Doblougprisen i 1975. 

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 17.12.2014
Sist oppdatert: 17.12.2014