Hopp til innhold
X
Innhald

Anthon Bernard Elias Nilsen

Anthon Bernard Elias Nilsen, 1855–1936, var forretningsmann, stortingsrepresentant og forfattar under psevdonymet Elias Kræmmer. Han skreiv dikt, skodespel og svært populære underhaldningsromanar som Fyrgangen frå 1923 og Bølgene ruller frå 1925, forteljingane Glade borgere i to band i åra 1894–95 og Livets krøniker i 1918. I åra 1932–34 skreiv Nilsen memoarar i tre band.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 13.03.2013
Sist oppdatert: 13.03.2013