Hopp til innhold
Portrett av Arild Nyquist. Foto med løyve frå Aschehoug.
Portrett av Arild Nyquist. Foto med løyve frå Aschehoug.
X
Innhald

Arild Nyquist

Arild Nyquist, 1937–2004, var forfattar, musikar og sceneartist.

Arild Nyquist, 1937–2004, var forfattar, musikar og sceneartist med ei naivistisk og underfundig uttrykksform med surrealistiske innfall. Han skreiv i fleire sjangrar, både epistlar og kåseri, romanar og noveller, skodespel og lyrikk. Han debuterte i 1963 med romanen Ringer i et sommervann. Dei sjølvbiografiske romanane Barndom (1976) og Ungdom (1993) står i ei særstilling.

Nyquist gav òg ut fleire diktsamlingar, mellom andre Nå er det jul igjen! og andre dikt (1972), Havet (1985), Høst i august (1992) og Arilds hus (1998). Det er eit stort spenn i lyrikken hans, frå uhøgtidleg og tullete dikt til meir filosofiske dikt med djupne og alvor. I kortprosaen hans finn ein Blæsch og andre historier (forteljingar, 1974), Kollvikabrev (epistlar, 1978), Mort (forteljingar, 1994) og Sølvfiskene og andre eventyr (forteljingar, 2000).

Nyquist skreiv òg ei rekkje fantasifulle barnebøker, og han spelte dessutan inn ei lang rekkje plater. Han fekk Kulturdepartementets biletbokpris for barne- og ungdomslitteratur to gonger: i 1978 for Snekkerne kommer, illustrert av Morten M. Kristiansen, og i 1987 for Onkel Monokkel og trommeslageriet, illustrert av Hans Normann Dahl.

Først publisert: 19.04.2016
Sist oppdatert: 19.04.2016