Hopp til innhold
Bjørn Nilsen. Foto: Ole Kaland/ NRK. Nytta etter avtale med NRK.
Bjørn Nilsen. Foto: Ole Kaland/ NRK. Nytta etter avtale med NRK.
Bjørn Nilsen. Foto: Ole Kaland/ NRK. Nytta etter avtale med NRK.
Bjørn Nilsen. Foto: Ole Kaland/ NRK. Nytta etter avtale med NRK.
Bjørn Nilsen. Foto: Ole Kaland/ NRK. Nytta etter avtale med NRK.
Bjørn Nilsen. Foto: Ole Kaland/ NRK. Nytta etter avtale med NRK.
Bjørn Nilsen. Foto: Ole Kaland/ NRK. Nytta etter avtale med NRK.
Bjørn Nilsen. Foto: Ole Kaland/ NRK. Nytta etter avtale med NRK.
X
Innhald

Bjørn Nilsen

Bjørn Nilsen er forfattar og pensjonert fjernsynsjournalist. Han var ein av dei mest omtalte og kritiserte NRK-medarbeidarane i 1970- og 80-åra og blei ofte skulda for politisk slagside i programma han laga.

Bjørn Nilsen er fødd 27. desember 1934 i Strinda utanfor Trondheim. Han tok cand.philol.-eksamen med norsk hovudfag ved Universitetet i Oslo i 1962 og var gymnaslektor før han tok til som programsekretær i NRK i 1964. Medan han studerte, var han med i redaksjonen i filologistudentane si avis, Filologen. Saman med Stein Mehren og Andreas Skartveit omdanna han avisa til eit litterært tidsskrift. Snart strøymde andre unge litteraturstudentar og diktarar til. Dei blei kalla Profil-gruppa, og til ut i 1970-åra var Profil eit leiande litterært magasin for modernismen i litteraturen. Medlemene representerte ein ny generasjon diktarar i Noreg, og Jan Erik Vold, Dag Solstad, Tor Obrestad, Einar Økland, Eldrid Lunden og Paal-Helge Haugen var nokre av dei.

Nilsen var ein av dei mest kontroversielle programmedarbeidarane i NRK TV fram til han slutta sist i 1990-åra. Mange av programma blei drøfta i Stortinget, etter at dei sette kritisk søkjelys på viktige politiske tema. Mange politikarar både frå høgresida og frå Arbeidarpartiet hevda at dei var «venstrevridne». Dei meinte at innslaga gav eit skeivt bilete av problema som blei tekne opp. Men programma fekk òg ros. Fleire av dei blei grunnlag for bøker, mellom anna om fråflyttinga frå «utkantane», og arbeidstilhøva i oljeverksemda.

Nilsen har gitt ut noveller og ei rekkje diktsamlingar, dei fleste på bokmål. Etter at han flytta til Snillfjord, har han gitt ut bøker på trøndskfarga nynorsk. Dikta hans er varierte, nokre humørfylte og ironiske, andre samfunnskritiske. Forma er ofte eksperimenterande.

Sist i 1960-åra hadde han permisjon frå NRK for å byggje opp Norsk Forfattersentrum, som formidlar besøk av forfattarar og opplesingar til skular, bibliotek og liknande. Organisasjonen er framleis i drift.

I åra 1975–77 var Nilsen formann i Den norske forfatterforening. Han høyrde politisk til på ytste venstre side og ville gjere foreininga om til ei «verkeleg fagforeining». Formannsåra var fylte av strid, både om sak og leiarstil.

Som pensjonist har han vore aktiv i lokalsamfunnet der han bur.

Kjelder

Øystein Rottem: «Bjørn Nilsen», Norsk biografisk leksikon, bd. 6. Oslo 2003

Per Propell: «Bjørn Nilsen fyller 70 år», Klassekampen 27.12.2004, klassekampen.no: http://www.klassekampen.no/20292/article/item/null/bjorn-nilsen-fyller--ar [lesedato 5.1.2018

Først publisert: 09.03.2018
Sist oppdatert: 17.04.2018