Hopp til innhold
X
Innhald

Gert Nygårdshaug

Gert Nygårdshaug, forfattar som skriv sosialrealistiske bøker der han kritiserer politikarane i dei rike landa i verda for ikkje å ta klimasaka på alvor. Han kritiserer også imperialistisk tankegods og dei store verdsreligionane. Bøkene er omsette til ei rekkje språk.

Gert Nygårdshaug er fødd 22. mars 1946 på Tynset. Han bur i Lier i Buskerud. Etter examen artium ved Tynset gymnas (1965) tok han fleire fag ved universitetet i Oslo (1965–72).

Nygårdshaug debuterte med diktsamlinga Impulser i 1966. Sidan har han skrive dikt, noveller, romanar, reiseskildringar og kokebøker. Samfunnskritikk er ei viktig drivkraft i bøkene hans.

I romanar som Bastionen (1982) og Klokkemakeren (2009) tek han opp ideologiske og religiøse spørsmål i samtida. Med «Mino-serien» kritiserer han dei europeiske landa sitt manglande oppgjer med imperialisme og korleis dei handterer miljøvern i den tredje verda. Sommarfuglsamlaren Mino Aquiles Portoguesa veks opp i Amazonas, men etter at landsbyen der han budde, vart brend ned av industriherrar, vert han som vaksen ein av dei mest ettersøkte miljøterroristane i verda. Både Mengele Zoo (1989), Himmelblomsttreets muligheter (1995) og Afrodites basseng (2003) har nådd eit stort publikum både i Noreg og internasjonalt.

Honningkrukken, frå 1985, er den første av mange krimbøker om detektiven, vinkjennaren og gastronomen Frederic Drum og kollegaen hans, Skarphedin Olsen. I 2016 kom Budbringeren.

I tillegg til eige forfattarskap har Gert Nygårdshaug gitt ut fleire samlingar med eventyr frå heimtraktene i Østerdalen.

I 1996 fekk han Cappelenprisen, og i 2017 fekk han Tynset kommune sin kulturpris.

Kjelder

Hilde Bjørnskau, Hanne Skrikerud og Nina Nordbø: «Eventyreren», nrk.no: https://www.nrk.no/kultur/xl/eventyreren-gert-nygardshaug-1.12997424 [lesedato 4.5.2018]

Gert Nygårdshaug, biografi, bibliografi og bokmeldingar, cappelendamm.no: https://www.cappelendamm.no/forfattere/Gert%20Nyg%C3%A5rdshaug-scid:1555 [lesedato 2.5.2018]

Heimesida til Gert Nygårdshaug, pvv.ntnu.no: https://www.pvv.ntnu.no/~terjeros/gert/ [lesedato 2.5.2018}

Peikarar

Cappelen Damm nett-tv: Gert Nygårdshaug fortel om krimromanen Budbringeren

Først publisert: 01.08.2018
Sist oppdatert: 17.08.2018