Hopp til innhold
Inga Elisabeth Næss, pressefoto frå forbundet Kysten i samband med Kysten-prisen 2017.
Inga Elisabeth Næss, pressefoto frå forbundet Kysten i samband med Kysten-prisen 2017.
X
Innhald

Inga Elisabeth Næss

Inga Elisabeth Næss, forfattar og kulturarbeidar som har bygd opp eit ærfuglmuseum på Vega.

Inga Elisabeth Næss er fødd 24. oktober 1940 på Vega i Nordland og er busett i Trondheim. Ho er utdanna cand.mag., med faga litteraturvitskap, historie og engelsk frå universiteta i Trondheim og Oslo. Ho har arbeidd som journalist, med jektedrift og som lærar på skriveverkstad – i tillegg til å vere forfattar.
Etter fleire faglitterære utgivingar debuterte ho skjønnlitterært med romanen Natta som reiser – dagen som kjem i 1986. En hundehistorie kom i 1991 og Rak i 1995. Næss har røter i kystkulturen i midt-Noreg, og i Rak ser ein inspirasjonen frå Olav Duun. Far og son bur åleine på ei øy, og spenninga ligg både på det ytre og det indre planet.
Den dokumentariske Skotet i Buvika (1988) handlar om politi mot streikande arbeidarar ved Piene Mølle. Med 44 forfattarar redigerte ho antologien Det e så fagert i Trondhjem (1997) saman med Arngeir Berg. Boka inneheld tekstar om Trondheim frå byen blei grunnlagd og fram til notida.
Næss har skrive biografiar om tekstilkunstnaren Hanna Ryggen, Vi lever på ei stjerne (2002), og målaren Bjarne Ness, Rytteren (2005). I Fangstmannsliv – Bjørnson og Larsson (2007) dokumenterer ho Per Johnsons liv som fangstmann i Arktis. Monologen Smeden blei oppført i Trondheim (2007) og på Vega (2008).
I 1997 grunnla ho og leidde arbeidet med ærfuglmuseet E-huset på Vega. Vega-øyane står på verdsarvlista til UNESCO, då blei ærfugldrifta og museet trekt fram som ein viktig årsak. Ho fekk i 2017 Kysten-prisen for arbeidet sitt på Vega, og for å ha løfta fram kvinners bidrag i kystkulturen. 
Næss skriv både nynorsk og bokmål.  
Kjelder
Øystein Rottem: Norges litteraturhistorie, bd. 3. Oslo 1998
Inga Elisabeth Næss, forfattarside, Samlaget.nohttp://www.samlaget.no/nn-NO/Forfattarar/N/Inga-Elisabeth-Naess.aspx [lesedato 7.3.2011]
Peikarar

Først publisert: 26.11.2011
Sist oppdatert: 17.04.2018