Hopp til innhold
Foto: Anne Britt Kilvik
Foto: Anne Britt Kilvik
X
Innhald

Liv Nysted

Liv Nysted, forfattar og litteraturkritikar. Ho skreiv romanar om den umoglege draumen om kjærleik.

Liv Nysted var fødd 27. august 1949 i Alvdal og døydde 21. mars 2010 i Oslo. Ho tok forfattarstudiet i Bø i 1983 og blei cand.philol. med hovudfag i nordisk språk og litteratur i 1986 frå Universitetet i Trondheim. Hovudfagsoppgåva hadde tittelen Nasjons- og individbygging gjennom 100 år. Nysted var avdelingsleiar for Trøndelag forfattersentrum i perioden 1988–94.
Ho debuterte i 1985 med kortprosasamlinga Alltid disse bildene på nippet til å bli synlige, der ho driv ap med kjærleikslivet til generasjonen sin. Nysted gav ut sju romanar, og Som om noe noengang tar slutt (1990) vekte oppsikt på grunn av det originale konseptet og den elegante framstillinga.
Du var så vakker over meg (1995) skildrar eit sadomasokistisk forhold. Der husa står ute om vinteren kom i 1998, og Metastase (2003) skildrar korleis ei elskarinne opplever situasjonen sin. Stilsikkert og med god forteljarevne skildrar ho den umoglege draumen om kjærleik i den seksualfikserte samtida i desse romanane.
Saman med Jon Ewo redigerte ho essaysamlingane Huspostill for 1990-åra (1990) og Reisesirkel. En europeisk ring (1991), og saman med Sissel Lie Veien langs linjene (1993) og Samtale med et svin (1995), ein antologi om litteraturkritikk.
I 1990 fekk ho Nynorsk litteraturpris for Som om noe noengang tar slutt. Nysted skreiv både bokmål og nynorsk.

Kjelder

Øystein Rottem: Norges litteraturhistorie, bd. 3, Oslo 1999
Liv Nysted, forfattarside, dagbladet.no, publisert 2003, http://www.dagbladet.no/kontekst/4077.html [lesedato 20.3.2011]

Peikarar

Først publisert: 25.11.2011
Sist oppdatert: 27.08.2019