Hopp til innhold
Lorentz Nybø. Foto frå Målreisingssoga i Sogn og Fjordane.
Lorentz Nybø. Foto frå Målreisingssoga i Sogn og Fjordane.
X
Innhald

Lorentz Nybø

Lorentz Nybø var diktar og redaktør for Unge Skud / Unglyden, eit blad for ungdom. Bladet ville opplyse om og vekkje interesse for samfunnsspørsmål.

Lorentz Nybø var fødd 4. september 1870 på Nybø i Flora og døydde av blyforgifting 5. mars 1912 på Voss. 

Etter folkeskulen begynte Nybø i 1884 i typograflære hos broren Jakob Olsen (f. 1861), som hadde kjøpt eit prenteverk på Nordfjordeid. Etter læretida var Nybø styrar av prenteverket fram til 1891. Frå 1891 til 1892 var han typograf i Trondheim, i avisa Folketidende. I 1892 flytte han til Oslo, der han var tilsett i Det Mallingske Boktrykkeri eit års tid. Truleg var det i Oslo-tida han vart politisk radikalisert. Han vart kjend med Rasmus Steinsvik, ein radikal målmann som hadde vore redaktør både i Vestmannen og i Fedraheimen.

I 1892 var Nybø heime på Nordfjordeid ei tid og var då med på å skipe Eid Ungdomslag. Han vart den første formannen og var aktiv i laget dei åra han budde på Nordfjordeid.

Sommaren 1893 reiste han tilbake til Nordfjordeid og gjorde militærtenesta si der. Hausten same året begynte han å gi ut Unge Skud, eit debatt- og opplysningsblad for ungdom, som også tente som meldingsblad for ungdomslagsrørsla. Unge Skud var eit radikalt politisk blad, med hard kritikk av dei som hadde samfunnsmakt, ikkje minst kyrkja og militærstellet. Dei første to åra var målforma dansk-norsk, men i 1895 gjekk bladet over til landsmål.

I 1896 vart Nybø tilsett som styrar av lokalavisa Hordaland sitt prenteverk på Voss og flytte dit. Saman med Olaus Alvestad kjøpte han avisa og prenteverket i 1898. Nybø tok Unge Skud med seg til Voss og heldt fram som redaktør fram til han døydde. Bladet endra namn til Unglyden i 1898. Frå 1897 var Unge Skud / Unglyden organ for Noregs Ungdomslag.

Heilt frå byrjinga var Unge Skud eit blad der mange amatørdiktarar fekk tekstane sine på prent. Men også ein meir etablert forfattar som Anders Vassbotn skreiv i bladet.

Lorentz Nybø gav ut to diktsamlingar, Ungt blod (1896) og Bekkjesikl (1907). I den første er målforma dansk-norsk, i den andre har Nybø gått over til landsmål. Dikta i Ungt blod er retta mot dei unge, med appell om å engasjere seg for rettferd, fridom og framsteg. Nokre av dikta er reine kampdikt, med revolusjonært innhald. I Bekkjesikl er den revolusjonære gløden dempa, i staden har det nasjonale fått sterkare rom, med dikt som uttrykkjer kjærleik til fedrelandet, målet, flagget og naturen.

I 1917 vart det reist ein minnestein over Lorentz Nybø på Voss. På steinen er det hogge inn:

            AANDSVAKEN UNGDOM, HEILNORSK OG STERK

            DET VAR DIN LIVSDRAUM OG DET VART DITT VERK

 

Kjelder

Anders A. Lothe: Målreisingssoga for Sogn og Fjordane. Stryn 1950

Edvard Os: Eid og Hornindal. Oslo 1953

Edvard Os: «Minne fraa samvære og samyrke med den frilynde ungdomen i Nordfjord», i Ola Sande (red.): Firda ungdomslag i 25 aar. Sandane 1922

Arnulv Sudmann (red.): Norsk Allkunnebok, band IX. Oslo 1959

Jon Tvinnereim: «'Unge Skud' – ei radikal Nordfjordavis», Årbok for Nordfjord 1979

 

Hermund Kleppa: «Minnestein over redaktør Lorentz Nybø», fylkesarkivet.no: https://leksikon.fylkesarkivt.no/article/b0bc7b08-c90a-4841-a3ee-f02fe1fc7c3f/ [lesedato 25.11.2019]

 

Peikarar

Forfattarside om Lorentz Nybø på nettstaden Forfattarar frå Sogn og Fjordane, forfattarar.sfj.no

Lorentz Nybø: Bekkjesikl. Voss 1907. Tilgjengeleg i Bokhylla, nb.no

Først publisert: 28.04.2021
Sist oppdatert: 28.04.2021