Hopp til innhold
X
Innhald

Ola Nesse

Ola Gunnarson Nesse var emissær (lekmannsforkynnar) på Vestlandet gjennom det meste av livet. Han var av dei aller første som brukte norsk landsmål ved offentleg andakt og bøn.

Ola Nesse var fødd på Nessane i Kvamsøy (soknet vart overført frå Vik til Balestrand i 1964 og høyrer frå 2020 til Høyanger kommune) i Sogn 14. august 1845 og døydde i Bergen 25. februar 1934. Ein av brørne hans var læraren og forfattaren Sigurd Nesse.

I unge år var Nesse bygningsarbeidar, men frå 1879 vart han «bibelbod» for indremisjonen i midtre Sogn. Kjeldene skildrar Nesse som smålåten, men med gode evner både til å fortelje og å syngje. Særleg lag skal han ha hatt med barna. Når han kom inn ein stad, tok han gjerne kniven or slira og spikka vedskier om til hanar eller andre figurar til dei små. Slikt skapte tillit og opna for fine samtalar.

På 1800-talet var det vanleg å bruke såkalla postillespråk, eller klokkardansk, når ein talte med utgangspunkt i bibeltekstar. Men Nesse fann det unaturleg og endra snart praksisen: «Naar eg tala heile Dagen Sognemål umkring i Stovene, so kjendest det noko uvant aa tala Dansknorsk naar eg kom i Skulehuset um Kvelden».

I 1891 vart Nesse kalla til emissær i Bergens indremisjon, og han vart buande i byen resten av livet. I periodar verka han over store delar av Vestlandet som forkynnar for Det Vestlandske Indremisjonsforbund. Frå 1905 til 1907 var han formann i denne organisasjonen.

Som talar og sjelesørgjar hadde Nesse omsorg for både unge og gamle. Barna i søndagsskulen skal ha likt han godt, og i bøkene sine er han oppteken av formidlinga til dei små: «Eg saknar so det at presten hev noko aa segja til borni, som sit der i kyrkjestolane. Naar eg reiser for sundagsskulen og kjem i samrødor med prestar, so minner eg dei um dette.»

I preikeboka Ordet um krossen frå 1907 var Ola Nesse representert med tretten preiker. Året etter gav utgivaren Henrik Kaarstad, saman med Gudleik Kalsnes, ut Or livsens vatn, med kortare andakter for kvar dag i året. Der står Nesse bak dei 31 tekstane f.o.m. 1. september t.o.m. 1. oktober.

I 1920 gav Nesse ut Stjerneljos for born og ungdom og året etter Guds menn og mannsverk. Bøkene er på knapt femti sider kvar, og innhaldet vil oppmuntre ungdomen til kristen tru og eit moralsk liv.

Som emissær la Nesse stor vekt på den diakonale sida av tenesta. Langt opp i eigen alderdom gjekk det knapt ein dag utan at han såg innom hos sjuke og andre trengande. I årsmeldingane for Bergens indremisjon vart det ofte delt inntrykk frå arbeidet. Som døme kan nemnast at under sterk sommarvarme i 1901 hadde Nesse gleda av «å streife omkring i to dager med saftflasker under trøyen for å leske noen av de tørste syke».

 

Kjelder

J[ohannes] B[arstad]: «Ola Nesse», Stille Stunder nr. 34 (37. årg.), 22.8.1925

P.S. Eikrem: Ola Nesse. Bergen 1937

Olav Hagesæther: «Ola Nesse – ein sermerkt norsk lekpreikar», Bjørgvin. Kyrkjehistorisk årbok. Bergen 1993

Oscar Handelands privatarkiv, Norsk Luthersk Misjonssamband

Per Hovland: Midtre Sogns indremisjon gjennom 75 år. Leikanger 1946

Per Hovland: «Ola Nesse», Jol i Sogn. Hermansverk 1935

Midtre Sogns indremisjon i 60 år. Vik i Sogn 1929

Ola Nesse: Guds menn og mannsverk. For born og ungdom. Bergen 1921

 

Johannes Kleppa og Paul Odland: Ordets folk. Det Vestlandske Indremisjonsforbund 1898–1998. Bergen 1998. Tilgjengeleg på Nasjonalbiblioteket, nb.no: https://www.nb.no/items/URN:NBN:no-nb_digibok_2010050603021

Henr[ik] Kaarstad: Vangiljebok. Ordet um krossen. Bergen 1907. Tilgjengeleg på Nasjonalbiblioteket, nb.no: https://www.nb.no/items/URN:NBN:no-nb_digibok_2015011908009

Henr[ik] Kaarstad og Gudleik Kalsnes (red.): Or livsens vatn. Smaastykke til kvar dag i aaret for bønehald i heimarne. Bergen 1908. Tilgjengeleg på Nasjonalbiblioteket, nb.no: https://www.nb.no/items/URN:NBN:no-nb_digibok_2014052208021

Ola Nesse: Stjerneljos for born og ungdom. Bergen 1920. Tilgjengeleg på Nasjonalbiblioteket, nb.no: https://www.nb.no/items/URN:NBN:no-nb_digibok_2014071708045

Først publisert: 01.10.2020
Sist oppdatert: 01.10.2020