Hopp til innhold
Finn Helge Øglænd
Finn Helge Øglænd
Foto: Det Norske Samlaget. Nytta etter avtale med forlaget.
X
Innhald

Finn Helge Øglænd

Finn Helge Øglænd, poet, prosaforfattar, omsetjar og kritikar med ein stor og kritikarrost produksjon.
Øglænd vart fødd i Stavanger 7. oktober 1957. Han voks opp i Tananger i Sola kommune. Han har gjennomført Forfattarstudiet i Bø og har vore lærar ved Skrivekunstakademiet i Hordaland.
 
I 1983 debuterte Øglænd med diktsamlinga Det opplyste landskapet. Den neste diktsamlinga kom i 1985, og same året debuterte Øglænd som romanforfattar med boka Mannen utan ansikt, som han vann Samlagets romankonkurranse med. I 1992 kom den første barneboka, Mannen med dei grøne fingrane, og i 1998 den første ungdomsboka, Fem dagar, fire netter. Medrekna attdiktingar har han skrive meir enn 40 bøker per 2008. Finn Øglænd har skrive eitt skodespel, Berre ikkje noko skjer, som kom i 1999.
 
Utanfor
Ungdomsbøkene skildrar gjerne outsiderrolla, ein gut, eller i nokre tilfelle ei jente, står utanfor den gruppa han eller ho gjerne vil høyre til. Tekstane er prega av melankoli og lengt, men det tunge og vanskelege er stundom opplyst av humor. Tenåra er i desse bøkene skildra utan romantisering eller nostalgi, dei utgjer ei individuell brytingstid, der barnet syner konturar av sin vaksne identitet. Øglænd skriv tett på hovudpersonane og rører seg mot avgjerande situasjonar for den personlege utviklinga. Slik syner han at tekstar mynta på ei avgrensa målgruppe kan ha universell litterær verdi, alle vaksne har ein gong vore ungdomar og kan kjenne seg att i det Øglænd skildrar. 
 
Poetisk poetikk
Det er likevel som lyrikar Finn Øglænd har gjort seg mest kjend. Han har skrive konkrete dikt om dei menneskelege vilkåra, og i tidlege bøker skildrar det einskilde diktet gjerne ein daglegdags situasjon, ein samtale mellom to eller ein observasjon av eitkvart som ligg føre, eit kunstverk, eit stykke natur, og ein assosiasjon som fører frå enkle observasjonar til overraskande refleksjon.
 
Å plassere Øglænd ein gong for alle innanfor ein poetisk skule eller epoke er å redusere det nedslagsfeltet den poetiske skaparkrafta hans hentar sitt råstoff frå. Dikta hans syner eit stort poesihistorisk medvit, men den formelle fridomen høyrer mest heime under eit vidfemnande modernistisk paradigme, med opningar mot vedkjenning, eksistensialisme og konkretisme. Etter kvart har Øglænd i dikta sine skrive seg fram mot ei større merksemd retta mot diktinga sjølv, som prosess og resultat, haldning og konsekvens.
 
Der andre forfattarar gjerne publiserer essaysamlingar som fortel om deira syn på litteraturen, har Øglend innarbeidd mykje av litteratursynet sitt i lyrikken. Særleg tydeleg er dette i diktsamlingane frå og med Poesi er for desperados frå 2001. Ein kan lese dikta som ei utvikling der tru på diktinga skiftar med tvil, og ei gjennomleving av tvilen, med sjølvironi og ikkje reint lite humor, styrkjer lesaren i trua på det poetiske prosjektet til forfattaren, sjølv når han hevdar at poesi ikkje er for vår tidsalder, og slett ikkje for Noreg. I denne diktprosessen har Finn Øglænd utvikla ein særeigen litterær sjølvmordsteknikk, der diktet bryt med sine eigne føresetnader og poetiske og presise, velfungerande strofer fortel at poesi ikkje er mogleg. Dementi og stadfesting går dermed opp i ei ny eining, der det diktet seier og den praksisen det representerer, utgjer eit tvisyn eller opnar eit større forståingsrom i teksten enn det den argumentative essayistikken har kraft til å gjere.
 
Såleis kan ein lese ein poetikk ut av poesien til Finn Øglænd. Det er ikkje ei statisk oppskrift på litteratur, men heller eit synspunkt i rørsle, ei utvikling som går i takt med den opplevinga diktaren har av kva kår lyrikken lever under i samtida. Finn Øglend er ein poet som overraskar med nye vendingar, og som syner at humor også har ein plass i poesien, ikkje som tull eller underhaldning, men som ei understreking av alvoret.
 
Viktige verk
Den store produksjonen har ikkje gått på kostnad av kvaliteten i bøkene til Finn Øglænd. Særleg held lyrikken høg og jamn kvalitet. Mellom dei viktigaste diktsamlingane er Exit, 1989, Auge i stein, 1990, Den nye poesi-handboka, 1994, Mortifikasjon, 1997, Ubotelege rørsler, 1999, Poesi er for desperados, 2001, Dikt mot det nødvendige, 2002, Opphav, 2004 og Eksil, som kom i 2006. Finn Øglænd har dessutan vore redaktør for fleire antologiar.
 
Kjelder
Forfattarside om Finn Øglænd, samlaget.no, http://samlaget.no/Forfattarar/OE/Finn-OEglaend.aspx [lesedato 03.11.2010]

Først publisert: 25.05.2009
Sist oppdatert: 30.04.2013