Faktaboks

Ragnar Olsen
Fødd
26. mai 1950, Tromsø, Troms og Finnmark
Boknakaran
Boknakaran. Frå venstre: Jan Arvid Johansen, Ragnar Olsen og Pål Thorsteinsen.
Av .

Ragnar Olsen er musikar, visekunstnar, omsetjar og dramatikar. Han har særleg markert seg som medlem av Boknakaran og for dei mange omsetjingane til nordnorsk for teaterscena.

Bakgrunn

Ragnar Olsen er fødd i Tromsø og vaks opp i Tromsø og på Finnsnes. Etter folkeskulen gjekk han på Lenvik kommunale realskole og deretter på Troms offentlige landsgymnas.

Musikkarrieren

Mot slutten av 1960-åra var Olsen med på å etablere ein viseklubb på Finnsnes gymnas og begynte snart å skrive og framføre eigne viser. Frå byrjinga av 1970-åra skreiv han viser på nordnorsk dialekt, og han var ein viktig aktør innanfor den såkalla nordnorske visebølgja. Olsen skreiv mellom anna «Den nye visegruppa», som vart ein signaturlåt for Nordnorsk visegruppe. Han var òg medlem av den sosialistiske visegruppa Ny Von, som ga ut eit album i 1978.

Han skreiv òg teksten til «Sámiid ædnan» («samisk jord»), som var det norske bidraget til Eurovision Song Contest i Haag i Nederland i 1980. Melodien var skriven av Sverre Kjelsberg (The Pussycats). Songen vart først skriven til teaterframsyninga Nullpunktet, som handla om Alta-saka, og har ein klar politisk brodd. Låten vert særleg hugsa for Mattis Hætta sitt joikeparti. Olsen og Kjeldsberg samarbeidde mykje i 1980-åra og stod saman bak kabareten «Den glade pessimisten», som gjekk på Hålogaland Teater i 1984. I 1992 var Olsen med på å starte Boknakaran, der han syng og spelar gitar og banjo. Mykje av verksemda hans som visekunstnar har sidan vore knytt til denne gruppa.

Omsetjingsarbeidet

Olsen har gjort eit omfattande omsetjararbeid. Frå slutten av 1970-åra og fram til i dag har han omsett ei rad teaterstykke, særleg for Hålogaland Teater, men òg for Det Norske Teatret, Nordland Teater og Riksteateret. Han har mellom anna omsett Dario Fos Vi betale ikkje!, Shakespeare-stykke som Othello og Macbeth, og Antigone av Sofokles. I tillegg har han omarbeidd norskspråklege stykke til nordnorsk dialekt, mellom anna Ibsen-stykke som Vildanden og Hedda Gabler og Jon Fosse-stykket Drøm om høsten (2019).

På scena

Olsen har òg skrive for scena sjølv og er mellom anna forfattar av librettoen til operaene Querini og Heksehammeren. I juli 2019 hadde Steigen Sagaspill urframføring av stykket Signe og Hagbard, med tekst av Olsen.

Utmerkingar

For det mangfaldige kulturarbeid sitt har Olsen fått fleire prisar. Han fekk Prøysenprisen i 1988, Blixprisen i 1992 og Nordlysprisen i 2015. I 2017 vart han slått til Riddar av 1. klasse av Den Kongelige Norske St. Olavs orden.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg