Hopp til innhold
Portrett av Tordis Ørjasæter. Foto med løyve frå Aschehoug.
Portrett av Tordis Ørjasæter. Foto med løyve frå Aschehoug.
X
Innhald

Tordis Ørjasæter

Tordis Ørjasæter, fødd 1927, er kritikar, forfattar og professor.

Tordis Ørjasæter, fødd 1927, er kritikar og forfattar. Ho har mellom anna gitt ut Boka om Dag Tore (1976), Barn og bøker (1978 og 1987), og ho har redigert barnebokantologiar, mellom andre Barnas Beste (1981–83).

Ørjasæter var professor i spesialpedagogikk ved Universitetet i Oslo i åra 1991–93. Ho har skrive to biografiar om Sigrid Undset, Menneskenes hjerter (1993), som ho fekk Brageprisen for, og Sigrid Undset og Roma (1996). I 2000 skreiv ho ein biografi om Nini Roll Anker saman med ektemannen Jo Ørjasæter. I 2005 gav ho ut boka Inn i barndomslandet, om Tove Jansson, Sigrid Undset og Selma Lagerlöf, og i 2009 Dagen og dagene (2009), ei personleg bok om å miste nokon.

Ørjasæter har motteke ei rekkje prisar for forfattarskapen sin, mellom anna Brageprisen.

Først publisert: 19.04.2016
Sist oppdatert: 19.04.2016