Faktaboks

Geir Pollen
Geir Sigmund Pollen
Fødd
4. april 1953, Målselv

Geir Pollen

Gyldendal.

Geir Sigmund Pollen er ein norsk forfattar og omsetjar. Han har skrive bøker i fleire sjangrar, særskild dikt og romanar, både på nynorsk og bokmål. Ei særleg bragd er omsetjingane av bøkene til den tyske forfattaren W. G. Sebald.

Bakgrunn

Geir Pollen har mellomfag i russisk (1975) og tysk (1976) frå Universitetet i Oslo og hovudfag i nordisk frå Universitetet i Tromsø (1982).

Same året debuterte han som forfattar med diktsamlinga Posteringar i språket (1982), og han har sidan utgitt ei lang rekkje bøker.

Pollen arbeidde som lektor i norsk og tysk i videregåande skule, først ved Nordreisa frå 1980 til 1984 og sidan i Østre Toten frå 1984 til 1999. Frå 2001 til 2005 var han formann i Den norske Forfattarforeining. Pollen har budd mange år i Russland. Han var lektor i nordisk ved Statsuniversitetet i St. Petersburg frå 2007 til 2014. Frå 2015 har han tilsvarande stilling ved Statsuniversitetet i Moskva.

Forfattarskap

Lyrikk og romanar

Pollen debuterte som forfattar på nynorsk med diktsamlinga Posteringar i språket (1982), deretter fulgte diktsamlingane Det planlagde kaos (1985) og Variasjonar I–XXX (1989).

Den første romanen, Ål (1991), var og skrivne på nynorsk. Men sidan Fall (1994) har Pollen skrive bokmål. Underfundig humor og eksistensielt alvor preger dei to romanene som føyer seg inn i tradisjonen frå Franz Kafka og Samuel Beckett.

Særleg romanen Hutchinsons Eftf. (1998) vitnar om Pollens språklege og stilistiske evner, og om det fabulerande viddet hans. For denne ble han både nominert til Brageprisen og Nordisk råds litteraturpris i 1999. I 2010 gav han ut romanen Raskolnikovs hus.

Omsetjar

Pollen har omsett både dikt og romanar. Den franske poeten Yves Bonnefoy har fått nynorsk språkdrakt i Ein eld går føre oss (1999). Det same har den japanske forfattaren Yoko Tawadas Men mandarinane må vi få røva i kveld (2007). Forfattarskapen til W.G. Sebald har Pollen gitt eit stilsikkert, komplekst og umiskjenneleg uttrykk på bokmål, mellom anna i De Utvandrede (2001), Saturns ringer (2002) og Austerlitz (2004). For den siste blei han tildelt Kritikerprisen.

Sakprosa og kritikk

Pollen har òg skrive sakprosa. Bedriftshistoria Langt fra stammen. Historien om Norske Skog kom i 2007 og Armfeldts armé. Historien om en katastrofe kom i 2014. I 2021 gav han ut reiseskildringa Volga. En russisk reise.

Pollen har òg jamleg skrive litteraturkritikk i Klassekampen. I 1986 publiserte han essayet «Hauge og dei tydde teikna» i tidsskriftet Vinduet, om Olav H. Hauge si diktsamling På ørnetuva.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg