Hopp til innhold
X
Innhald

Bjørn Rongen

Fleire forfattarar på slutten av trettitalet er urolege for framtida, med god grunn.  Ein forfattar som såg teikna til fascismen og åtvara mot den, var Bjørn Rongen (1906–1983). Han vaks opp i den vesle bygda Evanger ved Voss og kjende både bygdemiljøet og hovudstaden der han studerte.

Bjørn Rongen var fødd 1906 i Evanger og døydde 26. august 1983. Han gjekk på Voss landsgymnas, studerte ei kort tid i Oslo, og budde som vaksen i Drøbak.

Han debuterte i 1934 med To semester, der han følgjer filologistudenten Ola Bakken gjennom eit år i hovudstaden. Det er mange ekko av Bondestudentar i romanen, og kanskje like mykje av Mannfolk, begge er kjende bøker av Arne Garborg. Det er nemleg «det velsignede kjarlighedssporgsmal» (Garborg) som plagar både Ola og hans studiekameratar – ikkje minst dei som er ved det teologiske fakultetet. Gifta seg har dei ikkje rad til, men driftslivet krev sitt, og dei vaklar mellom kyske jenter som ventar heime, og hovudstadsjenter som byr seg fram straks – for pengar eller blott til lyst. Det er eit univers av lengt, samvitsnaud, drift og fortviling. På botnen finst det kjønnssjukdommar og undergang. Men samanlikna med Garborg er det ein litt muntrare og meir satirisk tone hos Rongen. Vel skjer det tragediar, men forviklingane er like mykje komiske, og misforholdet mellom studentens høge kall og låge laster kallar meir på latter enn på gråt. 

Rongen byrja sjølv på teologistudiet og ironiserer kvast over korleis det teologiske fakultetet taklar umoral. Dei kan sjølvsagt vise studentane bort, for ingen vil ha prestar med syfilis. Eller dei kan tilby dei syndsvedkjenning og anger, gjerne med eit halvoffentleg preg. Då vil dei styrkje sin pastorale autoritet, når dei har bakgrunn som «den største av alle syndarar». Det skreiv jo Paulus om seg sjølv! Vi merkar at Rongen nok har fatt vel sa mykje inspirasjon frå det kulturradikale litteraturmiljøet som frå teologistudiet. Det tok han også konsekvensen av, slutta i studiet og vart forfattar.

I Embetsfolk (1935) skildrar Rongen korleis dei tidlegare bondestudentane agerer når dei blir embetsmenn og kjem ut i bygdene. Her tek han opp eit tema som er omtala alt hos Lars Jaastad eit halvt hundreår før: Skal presten halde seg til dei vakte, eller skal han stø seg til dei meir moderne og liberale? Med Stille smil (1936) går Rongen inn i ein tyngre problematikk. Kva er det som far unge menneske til å flokke seg om fascismen? Gjennom nærbiletet av bondeguten Erling Asheim viser han korleis ein ung mann på landsbygda sakte og uavvendeleg går mot undergangen. Han er bondeson, men ein eldre bror får garden. Det er uråd å fa seg arbeid bade i bygda og i byen. Han blir gåande på nåde heime hos broren, som har mobba han frå tidlege barneår. Rongen viser, gjennom ei psykoanalytisk inspirert tolking, korleis dei unge gutane utan framtidsutsikter misser trua på seg sjølve også i kjærleikslivet.

Dei har ingenting å tilby. Med Erling går det heilt gale. Men etter at han er borte, tek miljøet av arbeidslause til å dyrka han som ein helt og ser i han ein symbolfigur for fascistisk ideologi. Dette er ein tidleg og skarp analyse av korleis høgreekstremisme kunne oppstå, og forklaringane er bade psykologiske og sosiale.

Rongen skil seg frå mange av dei tidlegare bygdeskildringane, som ville finne det reine og usmitta norske i bygdesamfunnet. Denne førestillinga lever vidare frå nasjonalromantikken og inn i mellomkrigstida og manifesterer seg bade i dikt og i prosa. Hos Rongen slår ein meir illusjonslaus realisme inn. Fattigdom og gjeldskrise er dei farlege utløysande faktorane for at folk sluttar seg til den politiske høgrefløya.

Rongen skreiv også ein allegorisk roman om okkupasjonen som kom i 1940: Nettenes natt. Frå og med denne romanen gjekk han over til bokmål, med unnatak av ungdomsbøkene. Det største arbeidet var ein trilogi om Bergensbanen (1956–58).

På femtitalet gjekk han i gang med det han kanskje er mest kjend for i dag, nemleg bøker for barn og ungdom. Han skreiv ti bøker på eit drygt tiar, og den største suksessen var truleg Bergteken i Risehola (1953), som også slo gjennom internasjonalt. Rongen skreiv den til ein utlyst konkurranse, nokså nøyaktig tjue år etter vaksendebuten. Boka handlar om ein gjetargut som blir sperra inne ei stor berghole av eit ras, saman med tre av geitene sine. Der blir han i fire døger.

Forteljinga har to plan; dels handlar den om denne dramatiske hendinga, dels om at ei bestemor fortel hendinga til ein barneflokk. Fokus skifter mellom sjølve hendingane og reaksjonane til dei som høyrer på. Dette grepet gjer det også mogeleg å dela teksten opp i høvelege delar. Dermed kunne boka lett overførast til det store nye mediet for barnelitteratur, nemleg høyrespelet i laurdagsbarnetimen, som fekk si stordomstid på femtitalet. Der slo den gjennom, og på forholdsvis kort tid vart den omsett til mange europeiske språk, og den vart lesen i USA og Japan. Også i dei neste barnebøkene heldt Rongen fast på ein kombinasjon av spenning og avansert forteljeteknikk, med titlar som Anne Villdyrjente (1956), Fem døgn på isfjell (1959) og Slalåm for livet (1961). Han erstattar den tradisjonelle allvitande (og i barneboksjangeren ofte eldre og kloke) forteljaren med kryssklipping og ulike forteljeperspektiv, som stadig skifter, og som difor får opp spenninga.


Om artikkelen

Kjeldeliste til Jan Inge Sørbø: Nynorsk litteraturhistorie. Det Norske Samlaget 2018.

Artikkelen er henta frå Jan Inge Sørbø: Nynorsk litteraturhistorie. Det Norske Samlaget 2018. Publisert digitalt etter avtale med forlaget og forfattaren. Prosjektet er ein del av feiringa av 150-årsjubileet til Det Norske Samlaget og 10-årsjubileet til Allkunne.

Først publisert: 18.06.2018
Sist oppdatert: 11.10.2018