Hopp til innhold
X
Innhald

Gunnar Reiss-Andersen

Gunnar Reiss-Andersen, 1896–1964, var forfattar og utdanna som måler. Han gav ut fleire diktsamlingar, mellom andre Indvielsens Aar, som var debuten i 1921, Mellem løven og Venus i 1925, Lykkens prøve i 1931, Vidnesbyrd i 1936, Sensommerdagene i 1940 og Kampdikt fra Norge, som kom ut i Sverige i 1943. I 1949 braut Reiss-Andersen med den gamle formverda med Prinsen av Isola og nærma seg modernismen med samlingane Usynlige seil frå 1956 og År på en strand frå 1962. Han gav òg ut ein roman og essaysamlinga Det smilende alvor i 1954.
 
Reiss-Andersen fekk kunstnarløn frå 1945 og Gyldendals Æresgasje frå 1963.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 15.03.2013
Sist oppdatert: 15.03.2013