Hopp til innhold
X
Innhald

Hallvard Rieber-Mohn

Hallvard Rieber-Mohn, 1922–82, var forfattar og dominikanarpater. I åra 1959–66 var han redaktør for tidsskriftet St. Olav. Seinare var han mellom anna leiar for Dominikanarordenen i Norden.
 
Rieber-Mohn debuterte i 1956 med eit filosofisk-religiøst arbeid om Paul Claudel. Han gav vidare ut politisk-historiske bøker som Det blodige nei. Tyske skjebner fra Weimar til Bonn i 1967, som han fekk Riksmålsprisen for, og artikkel- og essaysamlingar som Sideblikk i 1970, Reisegleder i 1977, Lesegleder i 1978, Kristen i et tidsskifte i 1979 og Sten på sten i 1982.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 15.03.2013
Sist oppdatert: 15.03.2013