Faktaboks

Ingunn Røyset
Fødd
18. september 1965, Hareid, Møre og Romsdal
Ingunn Røyset
Ingunn Røyset
Av /Samlaget.

Ingunn Røyset er ein norsk forfattar og journalist. Ho skriv barnebøker, og fleire av dei handlar om livet til barn i Noreg under andre verdskrigen.

Bakgrunn

Ingunn Røyset er utdanna sosionom. Ho har ein allsidig yrkesbakgrunn, mellom anna som stylist, sosialkurator og budeie. Sidan 1997 har ho arbeidd som journalist i Vikebladet Vestposten.

Forfattarskap

Røyset debuterte som barnebokforfattar i 2012 med biletboka Prins Storm. Temaet i boka er tilhøyrsel og retten til å vere seg sjølv, og ho handlar om guten Storm, som ikkje heilt passar inn. I 2014 og 2015 kom to barneromanar om Dagny: Dei et ikkje sjokoladepålegg i krigen og Aldri fred å få. 10-åringen Dagny opplever i begge bøkene ei tidsreise tilbake til andre verdskrigen. Røyset skriv eit dialektnært nynorsk, og måten hennar å sy saman krigshistorie og barndomsminne på er truverdig, spennande og engasjerande.

I 2017 kom dokumentaren Brevet frå krigen. Røyset skildrar med innleving korleis det var å vere barn under andre verdskrigen gjennom små, men også dramatiske hendingar i dagleglivet til Jorun Emilie Horn frå Oslo, som var 12 år gamal då tyskarane gjekk til åtak på Noreg. Røyset skildrar historia levande, slik at unge lesarar skal forstå krigen betre, og samtidig er ho oppteken av det universelle i korleis det er å vere menneske.

Utgivingar

  • Fiskelykke (Barnebok, Samlaget, 2018)
  • Brevet frå krigen (Ungdomsbok, Samlaget, 2017)
  • Aldri fred å få (Barnebok, Samlaget, 2015)
  • Dei et ikkje sjokoladepålegg i krigen (Barnebok, Samlaget, 2014)
  • Prins Storm (Barnebok, Samlaget, 2013)

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg