Hopp til innhold
X
Innhald

Nils Johan Rud

Nils Johan Rud, 1908–93, var forfattar og redaktør. Han debuterte med Gutter på skoggang i 1928, følgd av fleire barnebøker. Rud var ein sosialkritisk tendensdikter i romanar som Jeg er ingen proletar frå 1935, og naturromantisk forteljar og kjærleiksskildrar i mellom anna Jakten og kvinnen frå 1939, Oppfordring til dans frå 1957, Min ungdom var en annens frå 1963, og Det har ventet på deg frå 1988.
 
Rud debuterte med noveller i 1945 med Fri jord, så følgde mellom anna Det var en lørdag aften i 1959 og Gammel manns Høysang i 1990. I perioden 1932–70 var han redaktør for Arbeidermagasinet som seinare fekk namnet Magasinet for Alle. Rud la ned ein stor innsats for ung, norsk litteratur, særleg novellediktinga

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 18.03.2013
Sist oppdatert: 18.03.2013