Faktaboks

Olav Rytter
Fødd
29. januar 1903, Kristiansund, Møre og Romsdal
Død
7. juni 1992, Oslo
Verke
Filolog, journalist, kringkastingsmann og internasjonal tjenestemann
Familie

Foreldre: Forfatter og oversetter Henrik Rytter (1877–1950) og Maren Ovidia Olsen (1877–1972).

Gift 1) 1928 med stud.philol., senere lektor Dagny Jørgine Sausjord (15.9.1903–1981), datter av kjøpmann Samson Sausjord (1876–1931) og Anna Jacobsen (1875–1912), ekteskapet oppløst 1945; 2) 1948 med Hanne Bull f. Stang (29.10.1915–), datter av høyesterettsjustitiarius Emil Stang (1882–1964) og Fredrikke Elise Nicoline Bøckman Otto (1883–1961?), ekteskapet oppløst 1970; 3) 1974 med hustru nr. 1.

Olav Rytter var ein norsk journalist og kringkastingsmann, filolog og omsetjar. Han var ei norsk røyst i kringkastinga frå London under andre verdskrigen, gjorde teneste for FN i fleire land og vart den første redaktøren i avisa Dag og Tid.

Bakgrunn

Olav Rytter var fødd i Kristiansund i Møre og Romsdal og døydde i Oslo. Han var son til forfattaren og omsetjaren Henrik Rytter. Rytter tok examen artium på latinlinja ved Kristiania katedralskole i 1921 og vart mag.art. i slavisk filologi i 1931, med indisk og klassiske språk som støttefag. Han hadde studieopphald ved Karlsuniversitetet i Praha i 1928–1932 og var lektor i norsk ved Universitetet i Warszawa i 1933–1935.

Journalitikk, kringkasting og informasjonsarbeid

Olav Rytter
Olav Rytter i Norsk Rikskringkastings studio i London 1944.
Av /Riksarkivet.
Lisens: CC BY NC 2.0

Rytter var redaktør for den nyskipa nynorskavisa Norsk Tidend i 1935–1937 og var programsekretær i NRK frå 1938 til 1946, og arbeidde ved den norske kringkastinga i BBC i London under andre verdskrigen. Han laga ei rad reportasjar om dei norske styrkane i Skottland og om marinen. I 1943 vart han utnemnd som instruktør og leiar med kapteins grad for å drive kringkasting på norsk grunn i sluttfasen av krigen. Vinteren 1944–1945 var han med som informasjonsoffiser under frigjeringa av Nord-Noreg.

Etter krigen var han eit par år lektor i tsjekkisk og polsk ved Universitetet i Oslo og i russisk ved Frogner og Vestheim gymnas. I 1948 vart han mellombels leiar for FNs informasjonskontor for Tsjekkoslovakia, og fram til 1950 for Jugoslavia. Han vart fast tilsett i FNs informasjonsteneste i 1953 og tenestegjorde i Jakarta i Indonesia, i Teheran, med Iran og Afghanistan som arbeidsområde, og i Kairo i Egypt, med dei arabiske landa i Midtausten som verkefelt.

Frå 1963 arbeidde Rytter med journalistisk og litterær verksemd. Hausten 1963 var han redaktør for Dag og Tid, deretter utanriksmedarbeidar i 1964–1974.

Omsetjing og forfattarskap

Rytter var ein produktiv omsetjar og gav ut omsetjingar frå mellom anna gresk, sanskrit, tsjekkisk, polsk og russisk. I 1975 fekk han Norsk kulturråds omsetjarpris.

Han gav ut Slavisk målreising (1934, revidert utgåve 1971), Frå Nybergsund til Honnørbrygga (1946, ei samling kringkastingstalar og reportasjar frå krigsåra), Vietnam i går, i dag – og i morgon? (1965, den første norske debattboka om Vietnam) og Det tsjekkoslovakiske drama (1968).

Andre verv og engasjement

Rytter var formann i Studentmållaget i 1927 og i Oslo Arbeidarmållag i 1939. Frå 1964 til 1969 var han varaformann i FN-sambandet og i 1964–1968 varaformann i Én Verden. Politisk høyrde Rytter heime på venstresida. Då kampanjen «Norge ut av NATO» vart starta i januar 1968, vart Rytter vald til leiar.

Utmerkingar

For arbeidet under andre verdskrigen vart han heidra med Deltakarmedaljen, Kong Christian den X.s frihedsmedalje og den sovjetiske Za pobjedu 1945-medaljen («For sigeren i 1945»). Han fekk også tildelt den tsjekkoslovakiske ordenen «Kvite løve».

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Olaf Almenningen ofl.: Studentar i målstrid. Studentmållaget i Oslo 1900–2000. Oslo 2003
  • Bjarte Birkeland ofl. (red.): Det norsk samlaget 1868–1968. Oslo 1968
  • Jan Brodal: «Olav Rytter», minneord, Aftenposten 5.8.1992
  • Hans Fredrik Dahl: «Dette er London». NRK i krig 1940–45. Oslo 1978
  • Hans Fredrik Dahl: NRK i fred og krig. Kringkastingen i Norge 1920–1945. Oslo 1991
  • Kari Enholm: NATO-basen Norge. Vårt bidrag til atomopprustning og kald krig 1949–72. Oslo 1973
  • Rolv Werner Erichsen (red.): Studentene fra 1921. Oslo 1971
  • Ottar Grepstad: Avisene som utvida Noreg. Nynorskpressa 1850–2010. Oslo 2010

Faktaboks

Olav Rytter
Historisk befolkingsregister-ID
pf01036755001027

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg