Hopp til innhold

Hans Seland

Hans Seland, forfattar, folkelivsskildrar og humorist. I tillegg til å skrive bøker reiste han mykje rundt og opptredde, og i samtida si var han blant landets fremste og mest populære munnlege forteljekunstnarar.
Les meir om Hans Seland

Kristen Stalleland

Kristen Stalleland, redaktør og bonde. Frå heimstaden sin i Aust-Agder skapte han det første barnebladet på landsmål, som i dag er eitt av dei eldste barneblada i verda.
Les meir om Kristen Stalleland

Guro Sandsdalen

Guro Sandsdalen debuterte seint, men skreiv ungt. Bøkene hennar har tydeleg kvinneperspektiv og fokuserer på sosiale endringar og nye livs- og buformer i det norske samfunnet etter andre verdskrigen.

Les meir om Guro Sandsdalen

Rolf Sagen

Rolf Sagen

Rolf Sagen, psykolog, grunnleggjar av Skrivekunstakademiet i Bergen og særprega forfattar av ei lang rekkje romanar, dikt, noveller og barnebøker. Han skriv svært ulike bøker, både eksperimentelle og tradisjonelle.

Les meir om Rolf Sagen

Ole Sandvik

Ole Mørk Sandvik var utdanna teolog og den første som tok doktorgrad på norsk folkemusikk. Han var folkemusikksamlar, pedagog og forfattar.

Les meir om Ole Sandvik

Lars Petter Sveen

Lars Petter Sveen

Lars Petter Sveen, bibliotekar og forfattar. Han var ein av festspeldiktarane under Dei nynorske festspela i 2013 og vart i 2015 kåra til ein av dei ti beste forfattarane under 35 år av Morgenbladet og Norsk Litteraturfestival.

Les meir om Lars Petter Sveen

Per Sivle

Per Sivle var ein omstridd og folkekjær lyrikar, humorist, prosaist og avisredaktør, som mellom anna skreiv diktet «Den fyrste songen».

Les meir om Per Sivle

Jakob Sande

Jakob Sande, forfattar og populær visediktar som sameinte bøn og banning i eit samansett litterært univers. Forfattarskapen spenner i tid frå 1929 til 1961 og femner om ni samlingar med dikt og tre med noveller.

Les meir om Jakob Sande

Henrik Rytter

Henrik Rytter, diktar, omsetjar og skulemann som førte norsk ættekjensle og naturlyrikk saman med europeisk utsyn og klassiske referansar. Slik vart han på mange vis den viktigaste arvtakaren etter Arne Garborg.

Les meir om Henrik Rytter

Åsmund Sveen

Åsmund Sveen, i 1930-åra ein av dei store norske lyrikarane og ein respektert kritikar i Dagbladet. Sidan han var aktiv i Nasjonal Samling under krigen, fekk han øydelagt ein lovande diktarkarriere, og han blei aldri teken inn att i den litterære varmen.

Les meir om Åsmund Sveen

Ingrid Storholmen

Ingrid Storholmen, lyrikar og litteraturkritikar. Storholmen er ein samtidslyrikar med stor vilje og evne til eksperimentering, også med typografisk uttrykk og form på bøkene sine.

Les meir om Ingrid Storholmen

Johan Snøfugl

Johan Snøfugl

Johan Snøfugl, bladmann og forfattar. Han la ned ein stor innsats for å gjere nynorsk til eit kvardagsspråk i Trøndelag og Nord-Noreg. Snøfugl viste mot under andre verdskrigen, då han som einaste redaktør trykte nekrologar over falne norske soldatar.

Les meir om Johan Snøfugl

Sigrun Slapgard

Sigrun Slapgard, journalist og forfattar med interesse for krigstematikk. Ho er òg oppteken av kvinner i norsk presse- og litteraturhistorie.

Les meir om Sigrun Slapgard

Vidar Sandbeck

Vidar Sandbeck, prisløna og folkekjær visesongar og forfattar. Han var i mange år fast gjest i Søndagsposten og i Barnetimen for dei minste, med viser som «Menuett i mai» og «Bildilla». Sandbeck laga over 300 viser, og han skreiv romanar for vaksne og barn.

Les meir om Vidar Sandbeck