Hopp til innhold
X
Innhald

Aimée Sommerfelt

Aimée Sommerfelt, 1892–1975, var forfattar og omsetjar. Ho skreiv ei rekkje bøker for barn og ungdom, mellom andre Stopp tyven, som var debuten i 1934, Miriam i 1950 og Veien til Agra i 1959, som tok opp u-landsproblematikk. Bøkene Den farlige natten frå 1971 og Reisen til ingensteder frå 1974 handlar høvesvis om framandarbeidarar og sigøynarar i Noreg. Bøkene hennar er omsette til om lag 30 språk.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 18.03.2013
Sist oppdatert: 18.03.2013