Hopp til innhold
 Aksel Sandemose. Foto: Norland. Nasjonalbiblioteket,  blds_04853.
Aksel Sandemose. Foto: Norland. Nasjonalbiblioteket, blds_04853.
X
Innhald

Aksel Sandemose

Aksel Sandemose, 1899–1965, var forfattar. Gjennombrotet kom i 1933 med romanen En flyktning krysser sitt spor, der den vidgjetne Jantelova kjem frå.

Aksel Sandemose, 1899–1965, var forfattar. Han vart fødd i Danmark, men hadde norsk mor. Sandemose debuterte som dansk forfattar med novellesamlinga Fortællinger fra Labrador i 1923. Seinare skreiv han mellom andre romanane Ungdomssynd frå 1924 og Klabavtermanden frå 1927, som kom i norsk utgåve i 1932.
I 1929 flytta han til Noreg. Gjennombrotet kom i 1933 med romanen En flyktning krysser sitt spor, der den vidgjetne Jantelova kjem frå. Jantelova var opprinneleg på ti punkt, der det første er: "Du skal ikkje tru at du er noko". Jantelova har blitt eit uttrykk på norsk og andre språk, som demonsterer menneska sin trong til å trykke kvarandre ned.
Seinare skreiv Aksel Sandemose fleire sentrale romanar som Vi pynter oss med horn frå 1936, Det svundne er en drøm frå 1946, Varulven frå 1958 og Felicias bryllup frå 1960. Forteljingar kom i Sandemose forteller i 1937 og Fortellinger fra andre tider i 1940. Sandemose vert i dag sedd på som ein av dei store, vitalistiske forteljarane i nordisk litteratur.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 11.03.2013
Sist oppdatert: 25.08.2014