Hopp til innhold
Amalie Skram, visittkort frå 1874. Foto: Frederik Klem, kredit: Nasjonalbiblioteket, Flickr.com (falle i det fri).
Amalie Skram, visittkort frå 1874. Foto: Frederik Klem, kredit: Nasjonalbiblioteket, Flickr.com (falle i det fri).
X
Innhald

Amalie Skram

Amalie Skram, norsk forfattar som fornya den moderne romanen ved å skildre kvinner som utfordra normer og forventningar i samtida. Hovudverket hennar var romansyklusen Hellemyrsfolket.

Amalie Skram, eigentleg Berthe Amalie Alver, var fødd 22. august 1846 i Bergen og døydde 15. mars 1905 i København. Ho voks opp i Bergen og budde seinare i Risør, Halden, Oslo og København.

Skram debuterte som forfattar med romanen Constance Ring i 1885. Sidan gav ho ut novellesamlingar, essay og romanar. Som bokmeldar i ulike tidsskrift skreiv ho meldingar av nordisk samtidslitteratur som stødde opp under den naturalistiske diktinga.

Skram var med på å fornye romansjangeren i Noreg i siste halvdel av 1800-talet. Tematisk tek ho tak i dei spørsmåla som Camilla Collett tok opp nokre tiår tidlegare, og lik dei samtidige forfattarane Alexander Kielland og Jonas Lie brukte ho romanen til å problematisere dei sosiale forholda i samtida. I ei tid som var prega av aukande kvinnefrigjering, vart Skram ei viktig stemme i eit Noreg som var i sterk endring, ved at ho utfordra normer og forventningar i samfunnet. Eit tema som går att i bøkene hennar, er debatten om seksualmoral, som var aktuell i samtida. Med romanar som Lucie (1888) og Forraadt (1892) står ho bak nokre av dei dristigaste kvinneskildringane som vart skrivne på 1800-talet.

Romansyklusen Hellemyrsfolket (1887–98) vert rekna som hovudverket i forfattarskapen til Skram. Gjennom skildringa av det fattige ekteparet Sjur Gabriel og Oline, og etterkomarane deira, viser ho korleis mennesket er underlagt ei arveleg lov som det er vanskeleg å kome ut av.

Skram har fått ein vidaregåande skule kalla opp etter seg. Amalie Skram videregående skole ligg i Bergen, fødebyen hennar.

Naturalistisk forfattar

I ettertida er Amalie Skram først og fremst kjend for å fornye romansjangeren gjennom ekteskapsromanane og dei naturalistiske slektsromanane. Naturalismen vidareførte den realistiske diktinga. Røyndomen vert skildra fotografisk, og menneska lever i stor sosial nød. Dette er trekk vi finn att i Hellemyrsfolket. Dei fire banda, Sjur Gabriel (1887), To venner (1887), S.G. Myhre (1890) og Afkom (1898) handlar om Sjur Gabriel, Oline og etterkomarane deira. Gjennom dei ulike slektsledda finn vi att eigenskapar og arv frå dei første personane vi møter i serien. I det siste bandet, Afkom, går det dårleg med hovudpersonen Severin, og det endar med at han tek sitt eige liv.

Med romanar som Hellemyrsfolket og klassiske noveller som «Karens jul» (1885) og «Den røde gardin» (1899) vart den naturalistiske diktinga til Skram mykje diskutert av litteraturkritikarar i samtida. Målet hennar var å vise skuggesidene ved det moderne samfunnet, og korleis einskildmenneske vert råka.

(Artikkelen held fram under biletkarusellen)

galleri

Ekteskapskritikk

Gjennom heile forfattarskapen skildra Skram kvinnelege hovudpersonar som var dristige for si tid. Den naturalistiske grunntanken ligg som eit bakteppe også i desse romanane. Dei unge kvinnene er fanga i ein struktur som ingen av dei kan kome seg vekk frå.

I bøkene Constance Ring (1885), Lucie (1888) og Forraadt (1892) er handlinga lagd til borgarskapen i Kristiania, og Skram avslører den dobbeltmoralen som dette miljøet er gjennomsyra av. Ho vidarefører Camilla Colletts tematikk frå Amtmandens Døttre (1854–55) om at kvinnene vert undertrykte allereie frå barndomen av. I både Constance Ring og Forraadt vert den unge jenta gifta bort i for ung alder og kjem inn i eit ekteskap som ho ikkje er i stand til å takle. Det er den patriarkalske borgarskapen og den manglande oppsedinga frå mødrene som vert kritisert. I Fru Inés (1891) er handlinga lagd til Konstantinopel. Den gifte hovudpersonen innleier eit forhold til ein ung mann, men det heile endar tragisk både for Inés og den unge mannen.

I 1895 gav Skram ut to romanar der handlinga er lagd til eit sjukehus. Både Professor Hieronimus og Paa Sct. Jørgen er sjølvbiografiske. Skram opplevde å verte innlagd på psykiatrisk avdeling, og romanane tek utgangspunkt i hennar eigne opplevingar. Vi møter målaren Else Kant, som opplever misbruk frå autoritetane i møtet med helsevesenet.

Sjølv om Skram var ein av dei sentrale norske forfattarane i siste halvdel av 1800-talet, nådde ho ikkje så høge lesartal medan ho levde. Likevel vart ho tidleg kanonisert i norsk litteraturhistorie, som ein fornyar av den moderne romanen. Med det moderne gjennombrotet vart romanane hennar viktige for å framstille mennesket sin indre kamp, samstundes som forfattaren sette problema i samfunnet under debatt.

Kjelder

Janet Garton: Amalie. Et forfatterliv. Oslo 2011

Liv Køltzow: Den unge Amalie Skram. Et portrett fra det nittende århundre. Oslo 1992

Amalie Skram, forfattarside, gyldendal.no: http://www.gyldendal.no/Forfattere/Skram-Amalie [lesedato 14.12.2015]

Peikarar

Heidi Elisabeth Sandnes: «Samfunnstormeren Amalie Skram», forskning.no

Først publisert: 11.05.2016
Sist oppdatert: 22.08.2019