Faktaboks

Andreas J. Sandsdalen

Andreas Johannesson Sandsdalen

Fødd
19. april 1907, Seljord, Vestfold og Telemark
Død
17. mai 1969, Seljord, Vestfold og Telemark

Andreas J. Sandsdalen var lyrikar, bygdekunstnar og forfattar av fleire historiske spel. Han dreiv med teikning, måling og illustrasjon. Under andre verdskrig var han aktiv i motstandsrørsla.

Andreas J. Sandsdalen var fødd i Seljord i Telemark. Han voks opp i Seljord og var bror til den yngre Halvor J. Sandsdalen. Andreas Sandsdalen var autodidakt, med berre grunnskule. Bygdelivet og hans eigne livsrøynsler kjem til uttrykk i dikta.

Han debuterte i 1955 med diktsamlinga Kastevind. Her er det mykje sorgfulle, «svarte vers», slik tittelen på eit av dikta lyder. Eit medvite sinn syner seg i linjer som desse: «Eg skriv mine viser om natta/ då dei andre har gjenge til ro,/ då duppar eg pennen i hjarta/ og skriv med mitt heite blod. [...] Då freistar eg sløkkje stjerner,/ kvar gryande gneist av von – –/ for eg er den svarte hugen./ Av natta og vonløysa son.»

Men det finst òg humor hos Sandsdalen. I diktet «Eg har så vondt for å halda meg» heiter det: «Eg kan ikkje gå i kyrkja/ for då byrjar eg å le,/ for presten har eit bukkeskjegg/ som vippar opp og ned.»

Diktsamlinga Bygdevegar kom ut, post mortem, i 1972. Her finn vi dikt som «God-dagar» og «Solmorgon», i ein meir forsonande og lettare tone.

Ein kan lese både sorg, svik, empati og sjølvironi i dikta til Sandsdalen.

Formspråket hans var tradisjonelt, men sikkert og stødig i ulike versemål, og med ein tone frå folkediktinga. Motiva henta han i det nære livet, hos menneske og natur, bokstaveleg talt langs bygdevegane.

Sandsdalen bidrog òg med fleire skodespel til det årlege Seljordspelet: Guro Heddelid (1961), Kivlemøyane (1965), Soga om Gullnes (1967), og Tusseheimen Trollebotn (1969). Desse skodespela hentar tema frå soger, segn og folkedikting frå Telemark.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Anne Gran Westlie: Bibliografi over Seljord lokalsamling. Seljord 1993
  • Kaare Bakken: «Fram frå gløymsla: Bygdekunstnaren Andreas Sandsdalen 19.04.1907–17.05.1969», tabloggen.origo.no, publisert i Telemark Tidend 23.5.2014

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg