Hopp til innhold
Anna Skeide. Foto: Ukjend. Frå Ivar Aasen-tunet, arkiv. Fått frå Nasjonalbiblioteket i Oslo, og kan berre nyttast av Nynorsk kultursentrum.
Anna Skeide. Foto: Ukjend. Frå Ivar Aasen-tunet, arkiv. Fått frå Nasjonalbiblioteket i Oslo, og kan berre nyttast av Nynorsk kultursentrum.
X
Innhald

Anna Skeide

Anna Skeide, modernistisk lyrikar. Frå enkle oppvekstskår ved kysten, utan utdanning og med eit tradisjonelt kvinneliv som livsform, steig ho i moden alder fram som ein myndig lyrikar med originale og stilsikre dikt.

Anna (Paulsen) Skeide blei fødd 12. juni 1910 i Ørsta og døydde på Humla ved Ålesund 13. oktober 1980. Ho hadde inga utdanning etter ungdomsskulen, berre kortare kurs. Ho arbeidde ei tid på meieri. Som ung lærarkone budde ho i nokre år på Herøy på Sunnmøre, før familien i 1939 flytta til Ålesund.

Skeide debuterte i moden alder med Ro din båt over vatnet i 1964 og skreiv ti diktsamlingar. Den siste, Timen før natt, kom ut posthumt i 1981. Dikta er stillfarande i tonen, reinskorne i stil og biletbruk og mangslungne i stemning og tematikk. Motiva er ofte henta frå naturen, særleg sjøen og havet. Dikta inneheld også sivilisasjonskritikk og kommentarar til samtida.

Eit stort lyrisk talent i samtida og «med myndighed og en hemmelighetsfuldhed som få», skreiv den danske kritikaren Poul Borum om Anna Skeide på 1970-talet. Denne vurderinga vekte oppsikt i det norske litterære miljøet og auka interessa for dikta hennar.

Under

Eg lever i dag,
eg kan gå ut
der straumar kvervlar seg,
under brua,
der sjøar møtest.

Eg kan løfta ein stein
som lyser,
akkurat nå.

Som eit under
trass alt som skjer,
rike blir styrta,
menneske går tapt
mellom tusen,
og eg lever i dag.

Båtar ror gjennom sundet,
fisk leikar i djupet,
landskap bølgjer
på veg mot ein vår.

For eit under
dette å vera,
å få møte deg. –

Diktet «Under» av Anna Skeide: Blå time. Gyldendal Norsk Forlag 1967. 
Les boka på Nasjonalbiblioteket sine nettsider

Kjelder

Øystein Rottem: Norges litteraturhistorie. Fra Brekke til Mehren. 1945–65, Cappelen, Oslo 1996 s. 517–519

Først publisert: 23.08.2017
Sist oppdatert: 08.08.2019