Hopp til innhold
Anton Solheim. Foto: Ukjend. Biletet er frå arkivet til Norsk Allkunnebok, og nytta etter avtale med Nynorsk kultursentrum og Nasjonalbiblioteket.
Anton Solheim. Foto: Ukjend. Biletet er frå arkivet til Norsk Allkunnebok, og nytta etter avtale med Nynorsk kultursentrum og Nasjonalbiblioteket.
X
Innhald

Anton Solheim

Anton Solheim, forfattar og lærar, skreiv barnebøker der vi følgjer born på landsbygda i deira eigne omgivnader.

Anton Solheim var fødd 5. september 1897 i Austrheim i Nordhordland og døydde 29. august 1998. Solheim arbeidde som fiskar, gards- og skogsarbeidar, før han i 1929 tok lærarskuleeksamen i Volda. Same året kom han attende til heimbygda, der han arbeidde som lærar fram til han vart pensjonist i 1964.

 

Solheim skreiv forteljingar frå bygdemiljø han sjølv kjende til, slik mange nynorskforfattarar gjorde i mellomkrigstida. Barnebøkene hans er spennande forteljingar med tydelege retningslinjer om kva som er rett og gale. Borna i bøkene møter utfordringar som dei oftast må løyse utan vaksen hjelp. Kring borna finst det nokre autoritetar som viser veg: læraren, lensmannen og presten. Bøkene er moralsk oppbyggjelege, og dei fleste vart dermed godkjende av dei statlege konsulentane for skuleboksamlingane. Solheim debuterte med Austbøgutane i 1935. Deretter kom Sørgardsvikingane (1936), Gunnar og dei andre (1937), Nordviksgutane (1938), Gutane på Sandvoll (1939, ny utgåve 1945) og Då leiken vart alvor (1940). Etter andre verdskrigen kom Då han farbror kom (1946) og deretter Buvikfolket (1947). Buvikfolket er den første boka i ein serie, og framhaldet Då far var i England kom to år etter. Det er tydeleg at ei tredje bok i serien var planlagd, men denne boka kom aldri. Etter ein pause kom så Spring for livet, gjenter! i 1957, og til slutt Byguten som kom til Sjursgarden i 1978.

 

Frå 1948 og utover leverte Solheim mykje materiale til Norsk etnologisk gransking ved Norsk Folkemuseum på Bygdøy, der han fortel om arbeids- og levemåte, tru og skikkar og matstell i heimtraktene i eldre tider.

 

Solheim skreiv også Bygdebok for Austrheim, som vart utgitt av Austrheim sogelag i 1972. Arbeidet med denne boka vart finansiert gjennom ei pengegåve frå lærar Peder Bergsvik.

 

Kjelder

Olav Budal: Festskrift i høve Anton Solheim sin hundreårsdag 5. september 1997. Gitt ut av Austrheim kyst- og sogelag og Austrheim kommune. Austrheim 1997

 

Peikarar

Digitaliserte bøker av Anton Solheim i Nasjonalbiblioteket, nb.no 

Først publisert: 13.04.2018
Sist oppdatert: 17.04.2018