Hopp til innhold
 Arne Skouen. Foto: http://www.digitaltmuseum.no/things/arne-skouen/OMU/OB.F06426b
Arne Skouen. Foto: http://www.digitaltmuseum.no/things/arne-skouen/OMU/OB.F06426b
X
Innhald

Arne Skouen

Arne Skouen, 1913–2003, var forfattar, pressemann og filmskapar. Han gav mellom anna ut romanar som Nå skulle Ruth sett meg som var debuten i 1937, Fest i Port des Galets i 1947, Gategutter i 1948, som vart filmatisert og der han sjølv hadde regien. To andre bøker som vart filmatiserte, var Circus Fandango i 1953 og Pappa tar gull i 1962.
 
Skouen skreiv fleire skodespel, mellom andre Ballerina frå 1977. I 1996 kom En journalists erindringer. Han gav òg ut ei rekkje debattbøker.
 
Andre filmar som han regisserte, var mellom andre Det brenner i natt frå 1955, Ni liv frå 1957, som vart Oscar-nominert, Herren og hans tjenere frå 1959, Om Tilla frå 1963 og An-Magritt frå 1969. Arne Skouen fekk Norsk kulturråds ærespris i 1988

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 11.03.2013
Sist oppdatert: 11.03.2013