Hopp til innhold
Aud Søyland. Foto: Cahrine Dokken / Samlaget. Nytta etter avtale.
Aud Søyland. Foto: Cahrine Dokken / Samlaget. Nytta etter avtale.
X
Innhald

Aud Søyland

Aud Søyland, språkkonsulent, omsetjar, forfattar, folkemusikar og tidlegare kommunepolitikar frå Leira i Valdres. Ho har redigert Nynorsk ordliste sidan 1999.

Aud Søyland er fødd 8. september 1954 i Gjesdal i Rogaland. Frå 1970 til 1974 gjekk ho på Bryne gymnas, med eit års avbrot med studieopphald i USA. Ho er utdanna cand.philol. frå Universitetet i Oslo i 1983, med hovudfag i nordisk språk. I perioden 1984–86 arbeidde ho i Norsk språkråd. Sidan har ho arbeidd frilans som språkvaskar, omsetjar og forfattar. I 2010–11 var ho sekretær for Riise-nemnda, som arbeidde fram ei ny nynorsk rettskriving, og ho har vore sentral i arbeidet med å gjere nynorsken meir moderne og rettskrivinga enklare.

Søyland har vore engasjert i målrørsla heilt frå ungdomen. I 1976 var ho leiar i Studentmållaget i Oslo, i 1981–82 leiar i Norsk Målungdom. Ho sat i styret i Noregs Mållag i 2007–12 og var nestleiar i 2009–12. Sidan 2013 har ho vore leiar av Nord-Aurdal Mållag, og ho er forlagssjef for det mållagseigde forlaget Kvitvella.

Ho spelar langeleik, er med i folkemusikkmiljøet og har hatt ei viktig rolle i Strunkeveko, Jørn Hilme-stemnet og Landskappleiken.

Søyland har vore redaktør for ei rekkje utgåver av Nynorsk ordliste, saman med ulike medredaktørar. Ho har skrive lærebøker og regelbøker, mellom andre Norske skrivereglar. Reglane du treng for å skrive på papir og skjerm, som ho gav ut i 2015 saman med Jan Olav Fretland.

Ho debuterte i 1981 med antologien Eg gjekk meg opp til seterli – stølsliv i poesi og prosa, som ho redigerte saman med Anne-Kari Skarðhamar. Ho leverte hovudfagsoppgåva «La hundre blomar bløma. Ei gransking av amatørdikting i Hallingdal i dag» i 1983. På bakgrunn av denne oppgåva gav ho, saman med Eldgrim Hagen, i 2015 ut antologien Dikt frå dalen, med utvalde dikt frå Hallingdal. Saman med ektemannen Bjørn Karsrud gav ho ut barneboka Full rulle på norske spor i 2004, i høve 150-årsjubileet for norsk jernbane.

Ho vart heidersmedlem i Litteraturselskapet Det Norske Samlaget i 2012. I 2013 vart ho heidra med kulturprisen for Nord-Aurdal, og i 2016 fekk ho Haldor Røynes ærespris for arbeidet med folkemusikk i Valdres.

 

Kjelder

E‑post frå Aud Søyland 27.11.2019

 

LNK-Nytt: «Aud Søyland ny heidersmedlem i Samlaget», lnk.no, publisert 3.5.2012: http://www.lnk.no/nyhende/2503-aud-soyland-ny-heidersmedlem-i-samlaget [lesedato 27.11.2019]

Aud Søyland, omsetjarprofil, nffo.no: https://nffo.no/oversettere/60-aud-soyland [lesedato 27.11.2019]

Digitaliserte bøker av Aud Søyland på Nasjonalbiblioteket, nb.no: https://www.nb.no/search?q=Aud%20S%C3%B8yland&mediatype=b%C3%B8ker [lesedato 27.11.2019]

 

Peikarar

Marit Beate Kasin: «Årets kulturprisvinnar Aud Søyland», avisa-valdres.no, publisert 18.11.2013

Nettstaden til Kvitvella Forlag, kvithella.no

Først publisert: 04.03.2020
Sist oppdatert: 08.03.2020