Hopp til innhold
Bjarte Sindre. Foto: Selja Forlag. Med løyve for Allkunne.
Bjarte Sindre. Foto: Selja Forlag. Med løyve for Allkunne.
X
Innhald

Bjarte Sindre

Bjarte Sindre er forfattar, lektor og lokalhistorikar. I romanar med handling frå norrøn tid kombinerer han kulturformidling og spenning.

Bjarte Sindre er fødd 4. juli 1936 på øya Kinn i Sogn og Fjordane og er busett i Florø. Han er utdanna lektor, med nordisk hovudfag frå Universitetet i Oslo (1964), og har mellom anna vore rektor ved Flora vidaregåande skule frå 1980 til 1999. Sindre har skrive mange lokalhistoriske artiklar, vore leiar i Sogn og Fjordane Skrivelag og redaktør for ulike publikasjonar.

Sindre debuterte skjønnlitterært med romanserien Odins smykke (2010–17), der handlinga er lagd til vikingtida. Han har vore tru mot den norrøne skrivestilen, og bøkene er handlingsrike, episodiske og inneheld lite indre monologar. Handlinga har sterk framdrift og spenning, og språkbruken gir historia ei truverdig ramme. Solid historisk kunnskap vert formidla, og forfattaren har lagt vekt på å ta utgangspunkt i faktiske hendingar og personar.

Den første boka i serien, Asgeir Åsason (2010), har tittel etter hovudpersonen, og handlinga er lagd til Sunnfjord på 900-talet. Asgeir har ikkje slekt, og ingen veit kven far hans er, noko som gir han svært låg status i eit samfunn basert på ætt og ære. Konfliktar og maktkamp står sentralt, og gjennom kløkt og dugleik posisjonerer hovudpersonen seg etter kvart som ein av kongen sine nærmaste menn. Gjennom serien skriv forfattaren Asgeir inn i historia, og i dei sju romanane reiser han på handelsferder til fjerne kystar, der han møter både berserkar, seidmenn og kongelege.

Sindre fekk tildelt Flora kommune sin kulturpris i 2011 for framifrå innsats for kulturlivet.

Kjelder

Samtale med Bjarte Sindre 21.11.2017 og e‑post 26.11.2017

«Forfattarar frå Sogn og Fjordane», Sogn og Fjordane fylkesbibliotek (bibliografi), forfattarar.sfj.no: http://forfattarar.sfj.no/bjarte-sindre/ [lesedato 2.10.2017]

Peikarar

Olav Hatlemark: «Kulturprisen til Bjarte Sindre», Firdaposten, firdaposten.no, publisert 17.5.2011 

Omtale av Odins smykke, bok 1–4, Selja forlag 

 

Først publisert: 25.01.2018
Sist oppdatert: 22.02.2018