Hopp til innhold
X
Innhald

Cora Sandel

Cora Sandel, forfattar og kunstmålar. Ho skreiv romanar, noveller og forteljingar. Romantrilogien om Alberte er hovudverket hennar.

Cora Sandel var fødd 20. desember 1880 i Kristiania og døydde 3. april 1974 i Uppsala i Sverige. Cora Sandel er eit psevdonym. Det eigentlege namnet hennar var Sara Fabricius.

Frå 1899 til 1905 gjekk Sandel i lære hos kunstmålaren Harriet Backer. I 1906 flytta ho til Paris for å måle. Her var ho elev ved ulik målarskular fram til 1921. I 1921 flytta ho tilbake til Skandinavia og busette seg i Uppsala i Sverige. Der budde ho resten av livet.

Sandel debuterte i 1926 med romanen Alberte og Jakob. Det var den første boka i Alberte-trilogien. Dei to neste var Alberte og friheten (1931) og Bare Alberte (1939). Desse tre bøkene er hovudverka i forfattarskapen. Dei høyrer til høgdepunkta i norsk mellomkrigslitteratur. I tillegg er dei viktige utviklingsromanar, med opprørske kvinnelege kunstnarar som hovudtema.

Forteljingane syner korleis ei ung kvinne greier å følgje sine eigne vegar som kunstnar, trass i press frå omgivnadene og eigen indre motstand. I romanane og novellene gir Sandel mange og skarpe skildringar av kvinnediskriminering og fordomsfulle haldningar til kjønnsroller. På den måten var ho ein feministisk forfattar.

Eit anna sentralt verk er romanen Kranes konditori (1945). Med humor og skarp ironi skildrar Sandel her sladderen i småbymiljøet og fordomsfulle karakterar. Ho gav òg ut novellesamlingar, mellom anna En blå sofa (1927), Carmen og Maja (1932) og Mange takk, doktor (1935). Seinare skreiv ho noveller med andre verdskrigen som bakgrunn, til dømes i samlinga Figurer på mørk bunn, frå 1949. Novella «Kunsten å myrde» er ei av ei av dei mest analyserte novellene i den norske skulen og finst i mange læreverk.

Frå 1941 fekk Sandel årleg kunstnarløn frå staten. I 1957 blei ho riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden.

 

Kjelder

Janneken Øverland: Cora Sandel. En biografi. Oslo 1995

 

«Cora Sandel», forfattarprofil, gyldendal.no: https://www.gyldendal.no/Forfattere/Sandel-Cora [lesedato 26.2.2020]

Janneken Øverland: «Cora Sandel», Norsk biografisk leksikon, sist oppdatert 25.2.2020, snl.no: https://nbl.snl.no/Cora_Sandel [lesedato 26.2.2020]

 

Peikarar

Bibliografi i Oria, bibsys-almaprimo.hosted.exlibrisgroup.com

Cora Sandel: Alberte og Jakob, Alberte og friheten, Bare Alberte. Oslo 1988. Tilgjengeleg i Bokhylla, nb.no

Henning Howlid Wærp: «Hva er det med Kranes konditori?», kronikk, nordlys.no, publisert 23.4.2013

Først publisert: 07.08.2020
Sist oppdatert: 18.01.2021