Hopp til innhold
Dag Skogheim. Ukjend fotograf. CC BY SA 3.0.
Dag Skogheim. Ukjend fotograf. CC BY SA 3.0.
X
Innhald

Dag Skogheim

Dag Skogheim var forfattar. Han skreiv ei rekkje dokumentarbøker om arbeidarklassehistoria, krigshistoria i Nord-Noreg og tuberkulosehistoria.

Dag Skogheim (1928-2015), var forfattar frå Sømna. Han debuterte med diktsamlinga Gagns menneske i 1970. Skogheim har skrive ei rekkje dokumentarbøker om arbeidarklassehistoria, krigshistoria i Nord-Noreg og tuberkulosehistoria, mellom andre Sanatorieliv i 2001.Skogheim fekk sjølv diagnosen tuberkulose som 14-åring.

Vidare har han skrive ungdomsbøker, noveller, biografiar og fleire romanar. Hovudverket er den såkalla "Sulis-Valby-kvartetten": Sulis (1980), Café Iris (1982) November -44 (1984) og Sølvhalsbåndet (1986). Skogheim var statsstipendiat i 1992. Han mottok ei rekkje prisar for forfattarskapen sin, mellom anna Kongens fortjenstmedalje i gull i 2008.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 03.05.2016
Sist oppdatert: 03.05.2016