Hopp til innhold
Foto: Tom Sandberg/ Forlaget Oktober
Foto: Tom Sandberg/ Forlaget Oktober
X
Innhald

Dag Solstad

Dag Solstad, forfattar som med sine makelause romanar har vore retningsgivande for utviklinga i nyare norsk litteratur.

Dag Solstad er fødd 16. juli 1941 i Sandefjord. Han byrja på Sandefjord kommunale høyere allmennskole i 1955 og var ferdig uteksaminert med examen artium i 1960. Seinare studerte han ved Universitetet i Oslo, der han tok mellomfag i idéhistorie i 1966 og emne i folkeminnegransking i 1968.
Solstad var lærarvikar ved Kabelvåg skole i Lofoten i 1960–61. Han avtente verneplikta i kystartilleriet i 1961–62, før han våren 1962 tok til som journalist i avisa Tiden i Arendal. Hausten 1963 var Solstad igjen lærarvikar i Nord-Noreg, denne gongen i Hamnvik i Ibestad kommune. Etter studietida har Solstad vore forfattar på fulltid, bortsett frå ein periode i overgangen mellom 1970- og 80-åra, då han var kulturredaktør i Klassekampen.
I siste halvdel av 1960-åra var Solstad ein sentral del av krinsen kring tidsskriftet Profil. Han var formann i Norsk Forfattersentrum i 1978–80 og sat i Forfattarforeininga sitt litterære råd i 1983–86.
Solstad debuterte med novellesamlinga Spiraler i 1965 og har sidan gitt ut bøker med jamne mellomrom. Han har gitt ut to skodespel, blant dei Georg: sit du godt? (1968), som han skreiv saman med Einar Økland, essay- og artikkelsamlingar og ei samling reportasjebøker om fotball-VM, som han skreiv saman med Jon Michelet. Men hovudsakleg har han skrive romanar. Frå Irr! Grønt! (1969) via Ellevte roman, bok atten (1992) til 17. Roman (2009) har Solstad sine romanar vekt begeistring og debatt i Noreg.
Solstad har fått Kritikarprisen tre gonger. Han har òg fått Nordisk råds litteraturpris for Roman 1987 i 1989, den første Gyldendalprisen i 1996, Brages heiderspris i 1998, Aschehougprisen i 2004 og Brageprisen i 2006 for den nyskapande romanen Armand V. Fotnoter til en uutgravd roman. I 2013 kom samtaleboka Dag Solstad. Uskrevne memoarer, der Solstad samtaler med Alf van der Hagen om liv og verk.
Profil-krinsen og byrjinga på forfattarskapen 
I 1966 var Solstad med på å gi studenttidsskriftet Filologen ny retning. Saman med Jan Erik Vold, Einar Økland, Paal-Helge Haugen og fleire døypte han tidsskriftet om til Profil, og dei prega det med modernistisk estetikk og politisk agenda på venstresida. Krinsen kring tidsskriftet blei kalla Profil-krinsen og er blitt ståande som ei sentral rørsle i nyare norsk litteraturhistorie.
Forfattarkarrieren til Solstad byrja òg på denne tida. Dei to første bøkene hans inneheldt korte prosatekstar. Dei er svært ulike og gir frampeik om to ulike linjer i Solstad sin forfattarskap: Medan novellene i Spiraler (1965) er abstrakte og allegoriske, er prosatekstane i Svingstol (1967) meir konkrete og jordnære. Spiraler kan med rette samanliknast med litteraturen til Franz Kafka. Svingstol inneheld den kjende parolen «Vi vil ikke gi kaffekjelen vinger».
Kortprosaen viste Solstad sitt talent, men først med dei to første romanane hans fekk ein verkeleg sjå potensialet som låg i forfattaren. I utforskinga av sosiale roller i Irr! Grønt! kan ein spore påverknad frå den polske forfattaren Witold Gombrowicz. Solstad skreiv på denne tida også eit mykje omtalt essay om Gombrowicz, «Om nødvendigheten av å leve inautentisk». Det gjekk likevel berre to år før Solstad tok farvel med 60-talsmodernismen og alt denne retninga innebar av konkretisme og det nyenkle: Arild Asnes, 1970 (1971) kan best skildrast som ein politisk omvendingsroman.
Politikk og klassekamp 
I 1970-åra blei Solstad medlem av AKP (m-l), og bøkene hans blei meir eksplisitt ideologiske. 25. septemberplassen og dei tre bøkene i «krigstrilogien», Svik. Førkrigsår (1977), Krig. 1940 (1978) og Brød og våpen (1980), er sosialrealistiske skildringar med eit arbeidarklasse-perspektiv. Trass i at mange liknande bøker frå denne tida har gått i gløymeboka, gjer koplinga mellom det private og det politiske at desse Solstad-romanane framleis har litterær verdi. For Solstad blei det likevel umogleg å halde fram med å skrive denne typen arbeidarlitteratur, og dei neste romanane ber preg av at han oppfatta slike bøker som delvis mislukka.
Gymnaslærer Pedersens beretning om den store politiske vekkelsen som har hjemsøkt vårt land (1982) er ein politisk roman om åra etter 1968. Lektor Knut Pedersen blir medlem av AKP (m-l) i Larvik, og i eit omstendeleg, men presist språk skildrar Solstad dagane hans som lærar og partiaktivist. Dei magisk-realistiske innslaga er eitt av fleire grep Solstad nyttar for å oppnå eit distansert blikk på den politiske rørsla som han sjølv var del av. Romanen er delvis eit oppgjer, men samstundes nærmast å oppfatte som ein sørgjesong. I 2006 blei romanen filmatisert, i regi av Hans Petter Moland.
Roman 1987 (1987) er òg ein sørgjesong. Som i Arild Asnes, 1970 og Gymnaslærer Pedersen (...) tek Solstad her for seg tilhøvet mellom borgarskap og arbeidarklasse, og spørsmål om dei intellektuelle sitt politiske engasjement. I forteljinga, som tek form av hovudpersonen Fjord sin indre monolog, balanserer Solstad fint mellom humor og alvor og greier igjen å skildre 68-generasjonen på godt og vondt.
Kulturkritikk, eksistensialisme og avslutninga på forfattarskapen 
Før Roman 1987 gav Solstad ut Forsøk på å beskrive det ugjennomtrengelige (1984), der han innfører eit metanivå som seinare blir viktig i bøkene hans. Forfattaren Dag Solstad dukkar her for første gong opp som romankarakter. Det ligg ein kritikk av det norske sosialdemokratiet i denne romanen, som låner trekk mellom anna frå krimsjangeren og melodramaet. Solstad forlèt aldri det politiske, sjølv ikkje i dei meir eksistensielle romanane i 1990-åra. Genanse og verdighet (1994) og Professor Andersens natt (1996) handlar begge om Ibsen-kjennarar som på ulike måtar blir uroa over tilværet. Dei rommar djuptgripande kulturkritikk, i den siste er det òg avmakt å spore, og ei fortviling som er eksistensiell og nærmast religiøs.
Solstad har omtalt T. Singer (1999) som avslutninga på forfattarskapen sin, og romanane han har skrive etterpå som «unntak som aldri skal gjenta seg». Metanivået har fått større plass i desse romanane, der Solstad eksperimenterer med grensene for sjangeren. Med 16.07.41 (2002) tek han inn det sjølvbiografiske og gjer Dag Solstad til hovudperson. Han byrjar òg å nytte fotnotar i denne romanen, og i Armand V. Fotnoter til en uutgravd roman (2006) er sjølve romanen fråverande, og berre fotnotane står att. I desse bøkene er det skrivande eg-et meir eksplisitt, og sjølv om forma er leiken, gjer Solstad seg framleis alvorlege og ofte dystre refleksjonar kring kunst og liv, historie og politikk.
Kjelder 
Per Thomas Andersen: Norsk litteraturhistorie. Oslo 2012
Erik Bjerck Hagen: Kampen om litteraturen. Hovedlinjer i norsk litteraturforskning og -kritikk 1920–2011. Oslo 2012
Alf van der Hagen: Dag Solstad. Uskrevne memoarer. Oslo 2013
Espen Hammer: Anstendighet og revolt. Noen betraktninger omkring Dag Solstads forfatterskap. Oslo 2011
Geir Hjorthol: Tilbaketrekninga. Litteraturens politikk i Dag Solstads forfattarskap. Oslo 2011
Trude Rønnestad (red.): «Dag Solstad», Bøygen nr. 4/2002. Oslo 2002
Inger Østenstad: Hvorfor så stor? En litterær diskursanalyse av Dag Solstads forfatterskap, doktorgradsavhandling. Universitetet i Oslo 2009
Solstad-biografi, skriven av Marius Wulfsberg til Nasjonalbiblioteket si temautstilling om Solstad, nb.no: http://www.nb.no/solstad/biografi.php [lesedato 2.4.2013]
Alf van der Hagen: «Stadig opposisjon», intervju med Dag Solstad publisert i Morgenbladet 13.10.2006: http://morgenbladet.no/boker/2006/stadig_opposisjon#.UVa5MFucEQ4 [lesedato 2.4.2013]
Peikarar 
Dag Solstad i samtale med Arve Kleiva på nettstaden til Vagant, vagant.no

Først publisert: 27.09.2013
Sist oppdatert: 09.12.2013