Hopp til innhold
X
Innhald

Gabriel Scott

Gabriel Scott, 1874­–1958, var forfattar.

Han debuterte med ei diktsamling i 1894 og skreiv romanar, skodespel, noveller og gutebøker som Hollænder-Jonas i 1908 og Sølvfaks i 1912. Ved sida av Wilhelm Krag er han kjend som "Sørlandets diktar" gjennom romanar som Jernbyrden i 1915 og Kilden eller Brevet om fiskeren Markus i 1918, Fant i 1928, som vart filmatisert, Det gyldne evangelium i 1921, De vergeløse i 1938, som vart filmatisert, og trilogien En drøm om en drøm frå 1940–47, som er sterkt sjølvbiografisk. Juleforteljinga Tante Pose kom ut i 1904 og vart filmatisert seinare.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 11.03.2013
Sist oppdatert: 07.02.2018