Hopp til innhold
Gro Skartveit. Foto: Jan Inge Haga / Samlaget. Nytta etter avtale.
Gro Skartveit. Foto: Jan Inge Haga / Samlaget. Nytta etter avtale.
X
Innhald

Gro Skartveit

Gro Skartveit er forfattar, sosionom og lokalpolitikar. I heile sitt virke har ho vore oppteken av sosiale spørsmål. I bøkene sine fortel ho om menneske i ulike livskriser.

Gro Skartveit er fødd 24. august 1965 på Halsnøya i Rogaland. Ho har studert journalistikk ved Gimlekollen Mediasenter (1984–85), har teke sosionomutdanning ved Sosialhøgskolen i Stavanger (1988–91) og har studert leiing og organisasjon ved Høgskulen i Stavanger (1997–98). Frå 2017 har Skartveit arbeidd for Kriminalomsorga og er sjølvstendig næringsdrivande. I perioden 2007–14 var ho fylkestingsmedlem for Venstre i Rogaland, og frå 2011 til 2015 var ho ordførar i heimkommunen Finnøy.

Skartveit sin forfattarskap er prega av både personlege erfaringar og yrkesliv. Det religiøse aspektet er ein viktig del av livet hennar, men det var òg i det kristne, konservative miljøet ho sjølv opplevde overgrep og seinare fordømming. I 2001 stod ho fram med si lesbiske legning og melde samstundes overgang frå Kristeleg Folkeparti til Venstre. Forfattaren har i mange år arbeidd med menneske i krise, med rusmisbrukarar og pårørande, og ho hentar mykje av stoffet sitt frå intervju og samtalar med menneske i krevjande livssituasjonar.

I Skartveit si første bok, Ulvar i lammeflokken. Om predikantar, makt og overgrep mot kvinner (1997), skriv ho om overgrep mot kvinner i kristne miljø. Den usynlege smerta. Om rus og pårørande (2010) handlar om dei mange pårørande til rusmisbrukarar. Gjennom sterke historier fortel dei om belastninga og om kvardagen sin. Livet etterpå. Om vegen vidare etter alvorlege kriser (2016) tematiserer òg krevjande og vonde livssituasjonar, når menneske som har opplevd drap, sjølvmord, sjukdom, angst og mobbing, skildrar det dei har opplevd.

 

Kjelder

E‑post frå Gro Skartveit 21.11.2019

 

Samlaget: «Ny bok: 'Livet etterpå. Om vegen vidare etter alvorlege kriser' av Gro Skartveit», pressemelding, mynewsdesk.com, publisert 30.9.2016: http://www.mynewsdesk.com/no/samlaget/pressreleases/ny-bok-livet-etterpaa-om-vegen-vidare-etter-alvorlege-kriser-av-gro-skartveit-1582976 [lesedato 12.11.2019]

 

Peikarar

Camilla Bjørheim: «– Det finnes faktiske, levende personer i homofilt samliv som kjenner fordømmelsen på kroppen», aftenbladet.no, publisert 21.10.2017

Hjørdis Halleland Mikalsen: «Å snakke sant om livet», psykopp.no, publisert 25.4.2019

Gro Skartveit: Ulvar i lammeflokken. Om predikantar, makt og overgrep mot kvinner. Oslo 1997, nb.no

Først publisert: 04.03.2020
Sist oppdatert: 04.03.2020