Faktaboks

Gunnar Slettebakken
Fødd
5. oktober 1936, Bergen, Vestland
Død
6. mai 2012, Gloppen, Vestland

Gunnar Slettebakken var ein norsk forfattar og kunstmålar, med sterkt feste i folkeleg forteljekunst, både i prosa og i bilete.

Bakgrunn

Gunnar Slettebakken var fødd og voks opp i Salhus ved Bergen i Hordaland (no Vestland) og døydde på Sandane i Gloppen i Nordfjord, Sogn og Fjordane (no Vestland). Slettebakken var utdanna seg til jurist og var ei tid dommarfullmektig i Trondheim, før han var kontorsjef i Gloppen kommune frå 1968 til 1972. Seinare var han timelærar i rettslære, mellom anna ved Firda gymnas på Sandane, og dreiv med ymse omsetjingsarbeid. I alle åra var han aktiv som biletkunstnar.

Forfattarskapen

Debutboka frå 1971, Rapport frå Salhus, er i forma ein dokumentarroman, bygd opp av ei særprega blanding av fakta og fantasifull tildikting. Også i Ordførar Greta Svensson (1972) er handlinga lagd til Salhus. Begge romanane er prega av munnleg forteljekunst, med overdrivingar, humor, utlevering av latterleg åtferd og karikerte mennesketypar. Slettebakken har eit auge for dei som stakk seg ut i lokalsamfunn, og han viste fram trekk ved utviklinga som han meinte det var grunn til å vere uroleg for.

Biletkunsten

Som biletkunstnar var Slettebaken sjølvlærd – med ein særprega stil, og med ein signatur skriven med kyrilliske bokstavar. Som i romanane er også biletkunstnaren Slettebakken forteljar. Bileta hans fortel om folkeliv og humor, romantikk og krigsopplevingar, drama og idyll. Både i tekst og bilete er Slettebakken folkelivsskildrar, gjerne med motiv frå oppveksten i Salhus.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Ove Eide: «Forfattaren Gunnar Slettebakken», i Ljøren. Sogeskrift for Gloppen 2012. Sandane 2012
  • Ove Eide, Ståle Fitje og Bjørn Grov: «Gunnar Slettebakken – forteljar i mange former», Jul i Nordfjord 2015. Sandane 2015

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg