Hopp til innhold

Halvor J. Sandsdalen

Halvor Johannesson Sandsdalen var ein norsk forfattar, journalist og gardbrukar som skreiv dikt, skodespel, romanar, folkeminne og barnebøker. Sandsdalen var dyslektikar og måtte kjempe hardt for skrivekunsten.

Halvor J. Sandsdalen var fødd 12. januar 1911 i Seljord i Telemark og døydde 9. juli 1998 same staden. Han var nummer 17 i ein søskenflokk på 20. I 1931 gjekk han ved Søve jordbruksskule på Ulefoss, og så seint som i 1937 gjekk han ungdomsskulen på Gvarv. Sandsdalen var gift med Ingebjørg Kasin Sandsdalen.

Som ung tok Sandsdalen arbeid på ulike gardsbruk. I 1937 tok han over drifta av farsgarden, og i åra 1946–52 var han bibliotekar i Seljord. Frå 1945 var han deltidsjournalist i Telemark Arbeiderblad. Åra 1958–80 var han redaktør i Telemark Tidend, eit vedlegg i avisa Varden. Folkeminnesamling var ein viktig del av Sandsdalen si journalistiske verksemd.

Ekteparet Halvor J. Sandsdalen (i midten) og Ingebjørg Kasin Sandsdalen og brødrene Erlend (til venstre) og Terje Grøstad (til høgre), fotografert på 1990-talet. I 1996 vart alle fire tildelt Kongens fortenestemedalje i gull. Dei to førstnemnte for sitt litterære arbeid, dei to andre for sitt arbeid med biletkunst i Telemark. Ukjend fotograf. Kjelde: Vest-Telemark Museum på digitaltmuseum.no (inventarnr. VTM.F.08595, samling: Dyrsku'n i Seljord ) CC BY-ND 4.0.

Ekteparet Halvor J. Sandsdalen (i midten) og Ingebjørg Kasin Sandsdalen og brødrene Erlend (til venstre) og Terje Grøstad (til høgre), fotografert på 1990-talet. I 1996 vart alle fire tildelt Kongens fortenestemedalje i gull. Dei to førstnemnte for sitt litterære arbeid, dei to andre for sitt arbeid med biletkunst i Telemark. Ukjend fotograf. Kjelde: Vest-Telemark Museum på digitaltmuseum.no (inventarnr. VTM.F.08595, samling: Dyrsku'n i Seljord ) CC BY-ND 4.0

I 1945 gav Sandsdalen ut diktsamlinga Det syng i skog og li på eige forlag. Sidan gav han ut mange diktsamlingar. Naturskildringar og folkeminnetema kjenneteiknar diktinga hans, ofte med ein underfundig humor, men stundom også med politiske undertonar. Dei tidlege samlingane var i bunden form, men med åra vart dikta friare i forma.

Innimellom diktsamlingane og journalistgjerninga skreiv Sandsdalen barnebøker etter lokale forteljetradisjonar, men også fleire folkeminnebøker, nokre skodespel og ein sjølvbiografisk roman (Ein grøn stein, 1969). Fleire av skodespela har vore framførte på Seljordspelet. Dikta har inspirert fleire musikarar til tonesetjing, mellom andre Geirr Lystrup, Ivar Medaas og Sigmund Groven.

Sandsdalen fekk Norsk kulturråds lesarpris i 1969, Telemark fylkes kulturpris i 1979 og Kongens fortenestemedalje i gull i 1996. Han fekk kunstnarløn frå Seljord kommune frå 1979.

Video: Halvor J. Sandsdalen i samtale med Sigurd Telnes,vimeo.com.

Kjelder

Ikkje berre sol. Festskrift til Halvor J. Sandsdalen 1911–1981, Seljord 1981

Dag Aanderaa: «Halvor J Sandsdalen», Norsk biografisk leksikon, snl.no: https://nbl.snl.no/Halvor_J_Sandsdalen [lesedato 24.2.2018]

Telemarksportalen: «Sandsdalen, Halvor J.», telemarksportalen.no: http://www.telemarksportalen.no/forfattere/sandsdalen-halvor-j [lesedato 24.2.2018]

Peikarar

«Kom sol på alle mine berg – møte med dikterparet Sandsdalen», NRK nett-tv, nrk.no 

Halvor J. Sandsdalen: Ormen i Seljordsvatnet. Oslo 1976. Tilgjengeleg i Bokhylla, nb.no 

Halvor J. Sandsdalen: Eg fann eit vers på vegen. Oslo 1987. Tilgjengeleg i Bokhylla, nb.no 

Bibliografi i oria.no 

Først publisert: 26.07.2018
Sist oppdatert: 26.07.2018