Hopp til innhold
X
Innhald

Hans Supphellen

Hans Supphellen var bonde og organisasjonsmann frå Fjærland og forfattar av eit skodespel for ungdomslag.

Hans Supphellen var fødd 27. mai 1905 i Fjærland og døydde same staden 16. desember 1993.

Supphellen tok eksamen ved Mindresunde jordbruksskule i Stryn i 1924 og var kontrollassistent for meieriet i heimbygda frå 1929 til 1935. Frå 1935 til 1939 var han jordbruksarbeidar, og frå 1939 bonde i Fjærland. Frå 1947 til 1972 var han fylkessekretær i Sogn og Fjordane bondelag, fram til 1966 med fylkeskontor i Fjærland, deretter i Balestrand. I 1975 vart Supphellen utnemnd til æresmedlem i fylkeslaget.

Det skal gå! (1951) er eit skodespel i tre akter for ungdomslag. Her står striden mellom to bønder – ein konservativ bonde som ikkje ønskjer endringar i driftsmåtane på garden, og ein med nye, moderne tankar om gardsdrift. I samsvar med folkekomedie-sjangeren finn vi også i dette stykket to unge som får kvarandre til slutt.

Supphellen har skrive Fjærlandssongen «Bygdi vår», til melodien i «Fram dansar ein haugkall».

 

Kjelder

Telefonsamtale med Asbjørg Haugen 7.10.2018

David Eri: Sogn og Fjordane Bondelag 1947–1987. Førde 1987

 

Peikarar

Forfattarside om Hans Supphellen på nettstaden «Forfattarar frå Sogn og Fjordane», forfattarar.sfj.no

Først publisert: 13.06.2019
Sist oppdatert: 13.06.2019