Hopp til innhold
X
Innhald

Harald Ulrik Sverdrup

Harald Ulrik Sverdrup, 1923–92, var forfattar og debuterte som lyrikar med Drøm og drift i 1948. Seinare gav han mellom anna ut: Syngende natt (1955), Fredløse ord (1971), Fugleskremsel (1980), Vårt trygge liv (1982) og Lysets øyeblikk. Erotiske dikt og utrygge fredsnotater (1985), Tranene danser (1989) og Solhest i berget (1991).

Sverdrup var ein av dei fremste og frodigaste natur- og kjærleikslyrikarane i sin generasjon. Han skreiv òg romanen Paradisets barn i 1968, reisebøker og høyrespel. Barndomserindringane Slips i tretoppen kom ut i 1987. Sverdrup fekk Kritikarprisen i 1958 for St. Elms ild. Etter at han døydde, kom utvalet Måltrost, svarttrost (1994).

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 18.04.2016
Sist oppdatert: 18.04.2016