Hopp til innhold
Jonny Skjelvik. Foto: privat. Med løyve for Allkunne.
Jonny Skjelvik. Foto: privat. Med løyve for Allkunne.
X
Innhald

Jonny Skjelvik

Jonny Skjelvik, anleggsarbeidar som skriv dikt og forteljingar til moro og ettertanke for vaksne og born.

Jonny Skjelvik er fødd i Ytre Arna i Bergen 31. juli 1957, der han framleis bur. Etter ungdomsskulen utdanna han seg til maskinførar og skytebas og arbeidde i anleggbransjen til han gjekk av med pensjon i 2017.

I 2014 debuterte han med Å du hendelse! Mykje meir enn berre rim! Her byr han på historier frå sitt eige liv, servert i verseform. Boka har ein humoristisk snert, men undertittelen viser at dikta òg skal mane til ettertanke. I 2015 følgde På rimeleg vis, ei ny samling kvardagshendingar på rim, med innleiande refleksjonar på prosa. Same året kom barneboka Litt om dyr, og så god natt. I godnattboka møter borna heimlege krabbar og framande flodhestar, og dikta er supplerte med enkle faktaopplysningar som både born og vaksne kan lære av. Alle bøkene er rikt illustrerte.

Skjelvik sitt mål er at vanlege folk skal kjenne seg att i diktinga, og at han skal nå eit publikum som trur at dei ikkje liker å lese dikt. Temaa speglar allmenne livserfaringar, og tonen er lågmælt. For å styrkje det nære og attkjennelege skriv han nynorsk med romslege innslag av dialekt

Han har gjesta sjuke- og gamleheimar i Bergensområdet med diktopplesing og kåseri om forfattarskapen.

Kjelder

E‑post frå Jonny Skjelvik 3.1.2018

Carsten Flo: «Å du hendelse! Mykje meir enn berre rim!» Intervju med Jonny Skjelvik 12.6.2014, kulturifarta.no: http://www.kulturifarta.no/litteratur/forfatterportretter/752-a-du-hendelse-mykje-meir-enn-berre-rim.htm [lesedato 2.1.2018]

Morten Sæle: «Ny bok frå anleggsarbeidaren som vart forfattar: – Vil vekka leselysta», intervju med Jonny Skjelvik i avisa Nordhordland 25.6.2015, nordhordland.no: https://www.nordhordland.no/nyhende/ny-bok-fra-anleggsarbeidaren-som-vart-forfattar-vil-vekka-leselysta/s/5-33-21808 [lesedato 2.1.2018]

Først publisert: 14.06.2018
Sist oppdatert: 18.06.2018