Hopp til innhold
X
Innhald

Kaj Skagen

Kaj Skagen, forfattar og debattant som skriv i fleire sjangrar. Han er ein kvass og kontroversiell motkommentator til hovudstraumen i den offentlege debatten.

Kaj Skagen er fødd 23. oktober 1949 i Strandebarm og er busett i Bergen. Etter å ha vore elev ved Kragerø gymnas gjekk han 1968–69 ved Forsøksgymnaset i Oslo.

I åra 1970–75 var Skagen litteraturkritikar i Arbeiderbladet. I 1978 var han med på å stifte tidsskriftet Arken, der temaområda var samtidskultur, filosofi og litteratur. Saman med Peter Norman Waage var han redaktør fram til tidsskriftet gjekk inn i 1989. Skagen er fast skribent i vekeavisa Dag og Tid.

Skagen debuterte i 1971 med diktsamlinga Gatedikt. Samlinga Vi som arver maskinene kom året etter, og desse to bøkene slo tydeleg an den kulturkritiske tonen som har prega forfattarskapen sidan. I tillegg til fleire diktsamlingar har han skrive romanar. I 1976 kom den første, En elv under gaten. I 1982 vann han Gyldendals romankonkurranse med Broene brenner. Andre sentrale romanar er Himmelen vet ingenting, frå 1988, og Hodeskallestedet, frå 1994. Han har omsett to romanar av Leonard Cohen til norsk, Yndlingsleken (1972) og Skjønne tapere (1973). Han har òg omsett antroposofen Rudolf Steiner si bok Teosofi (2005).

Himmelen vet ingenting skapte stort oppstyr i bokbransjen fordi boka handla om sjølvmordet til ein norsk forleggjar. Skagen fekk hard medfart av forfattarkollegaer og bokmeldarar. Motbøren Skagen fekk for romanen var kan hende ekstra sterk fordi han nokre år tidlegare, i 1983, også hadde skapte kraftig debatt og møtt svært hard kritikk. Då kom essaysamlinga Bazarovs barn ut. I den tok han eit eldfullt oppgjer med makta han meinte marxismen hadde over framståande norske forfattarar den gongen.

Skagen har gjennom forfattarskapen vore ein kvass og produktiv essay- og sakprosaforfattar. I 2018 kom boka Norge, vårt Norge, der han på ny tok eit oppgjer med rådande tankar i samtida gjennom å reise spørsmålet om kva det norske og norsk kultur er. I sjølvbiografien Den forseglede ordre (2019) fortel han om oppvekst og opprør, og seg sjølv som antroposof og debattant.

I 1991 fekk Skagen Riksmålsprisen. I 2015 fekk han tildelt Det Norske Akademis Pris. For den langvarige innsatsen sin i den offentlege debatten fekk han same året Klassekampens Neshornpris. Sidan 1977 har han hatt Statens garantiinntekt for kunstnarar.

Kjelder

Per Thomas Andersen: Norsk litteraturhistorie. Oslo 2012

Nettstaden til Kaj Skagen, kajskagen.no: https://www.kajskagen.no [lesedato 22.2.2019]

Morten S. Smedsrud: «Husker bare flyktningene», klassekampen.no, publisert 24.12.2015: https://www.klassekampen.no/article/20151224/ARTICLE/151229979 [lesedato 27.2.2019]

Eivind Tjønneland: «Kaj Skagen», Norsk biografisk leksikon. Digital utgåve, nbl.snl.no: https://nbl.snl.no/Kaj_Skagen [lesedato 27.2.2019]

Peikarar

Bjørn Gabrielsen: «Slik har du aldri sett Norge før», dn.no https://www.dn.no/magasinet/boker/anmeldt/anmeldelser/kaj-skagen/slik-har-du-aldri-sett-norge-for/2-1-301266

Kristian Meisingset: «– Vi lever i en totalitær drøm», minervanett.no https://www.minervanett.no/vi-lever-i-en-totalitaer-drom/

Bibliografi i Oria https://bibsys-almaprimo.hosted.exlibrisgroup.com/primo-explore/search?query=any,contains,skagen,%20kaj&tab=default_tab&search_scope=default_scope&vid=NB&lang=no_NO&offset=0

Først publisert: 21.11.2019
Sist oppdatert: 21.11.2019