Hopp til innhold
Foto med løyve frå Aschehoug.
Foto med løyve frå Aschehoug.
X
Innhald

Kim Småge

Kim Småge er pseudonymetet til krimforfattar Anne Karin Thorshus.

Kim Småge er pseudonymet forfattar Anne Karin Thorshus, fødd 1945, brukar. Ho har mellom anna gitt ut spenningsromanane Nattdykk (1983), Origo (1984), Kainan (1986), Lex Love (1991), Sub rosa (1993), En kjernesunn død (1995), Container-kvinnen (1997), Solefall (2002) og Dobbeltmann (2004). Småge har òg skrive ungdomsromanar, til dømes Interrail frå 1988, og krimnovellene Kvinnens lange arm frå 1992. Ho fekk Rivertonprisen i 1983 og Glassnøkkelen 1994. I 1999 kom oppvekstskildringa Koksbiter og trollsplint ut.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 18.04.2016
Sist oppdatert: 18.04.2016