Hopp til innhold
X
Innhald

Kjersti Scheen

Kjersti Scheen, fødd 1943, er forfattar og teiknar. Ho er utdanna frå Statens håndverks- og kunstindustriskole, som no ligg under Kunsthøgskolen i Oslo, og ho har gitt ut barne- og ungdomsbøker, mellom andre Sofie-bøkene (1988–90), Månefeen (1993), Bare en dag (1997), Engel uten vinger (2001), Stup (2004) og Farlige spor (2012). Scheen har skrive romanane Vårmåne (1996), Reisebeskrivelse (1990), De siste vokterne (1991) og Ute av bildet (2006), og ho har fått merksemd for kriminalromanane Teppefall (1994), Ingen applaus for morderen (1996), Englemakerne (1998), Den syvende synd (2000) og Lik i lasta (2003). Ho har òg skrive filmmanus og hørespill.
 
Scheen har fleire gongar fått Kulturdepartementets prisar for barne- og ungdomslitteratur. I 2010 fekk ho Teskjekjerringprisen.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 17.12.2014
Sist oppdatert: 17.12.2014