Hopp til innhold

Klaus Sletten

Klaus Sletten, ungdomslagsleiar og journalist. Han gjorde nesten alt på ein gong, og rakk meir enn dei fleste.

Sletten var fødd i Høyland 5. mars 1877 og døydde 3. april 1946. Han tok mellomskuleeksamen i Bergen og seinare noko meir utdanning ved Askov høgskule i Danmark.
 
Frå om lag 1900 og to tiår frametter gjorde han nesten alt på ein gong. I 1899 tok han initiativet til å skipe det første bondeungdomslaget i Oslo og styrte laget dei fleste åra fram til 1916. Han var medarbeidar og redaksjonssekretær i Den 17de Mai 1899–1916, styrte Norsk Maalkontor frå 1900, gav ut vekebladet Symra for ungdom 1901–03, var formann i Noregs Ungdomslag 1902–06, der han også var dagleg leiar 1906–12, og var medredaktør i Norsk Barneblad 1907–16.
 
I åra 1916–17 var han redaktør i Olsok, likeins i Møre Tidend 1917–20. Sletten var politisk medarbeidar i Stavanger Aftenblad 1923–43 og redaktør i same avisa 1928–31.
 
Biografien Menneskesonen om svigerfaren Christopher Bruun, som han skreiv saman med kona Margit Bruun Sletten, kom ut posthumt i 1946.
 
Kjelder
Ottar Grepstad: Viljen til språk. Ei nynorsk kulturhistorie. Oslo 2006

Først publisert: 21.07.2010
Sist oppdatert: 05.04.2018