Hopp til innhold
X
Innhald

Laila Stien

Laila Stien, fødd 1946, er forfattar og omsetjar.

Laila Stien, fødd 1946, er forfattar og omsetjar. Ho er novellist og har gitt ut samlingane Nyveien (1979), Fuglan veit (1984), Sånt som skjer (1988), I det fri (1994), Gjennom glass (1999), Svømmetak (2001), Veranda med sol (2003) og Hjem til jul (2010). Stien skriv og lyrikk, til dømes Fabler, frost (1981) og Hold stø båt (1991), og barne- og ungdomsbøker, som I farta (1986) og Å plukke en smørblomst (1993), som ho fekk Kritikerprisen for. Romanen Vekselsang kom ut i 1997.

Stien har òg gitt ut fleire gjendiktingar frå samisk, til dømes Synnøve Persen, Rauni Magga Lukkari og Nils-Aslak Valkeapää. Ho fekk Kritikarprisen for beste barnebok for Å plukke en smørblomst i 1993 og Aschehougprisen i 2000.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 18.04.2016
Sist oppdatert: 18.04.2016