Hopp til innhold
Foto: Niklas Lello, Aschehoug. Nytta etter avtale med forlaget.
Foto: Niklas Lello, Aschehoug. Nytta etter avtale med forlaget.
X
Innhald

Lars Ove Seljestad

Lars Ove Seljestad, sosiolog og forfattar frå Odda.

Lars Ove Seljestad er fødd i Odda 5. mars 1961 og bur i dag i Bærum. Han blei cand.mag. i 1986 ved Universitetet i Oslo, med faga jus, samfunnsvitskap og filologi, og han blei cand.polit. i sosiologi i 1995 ved Universitetet i Bergen. Han var stipendiat ved Sosiologisk institutt ved UiB frå 1997 og studerte ved Skrivekunstakademiet i Hordaland i 2004. Seljestad har allsidig yrkeserfaring, men arbeider mest med forsking og undervisning.

Han debuterte som skjønnlitterær forfattar med romanen Blind i 2005. Det er ein sosialpsykologisk roman om klassereisa som Geir Kinsarvik frå Odda gjennomfører, om svik og identitet. Seljestad har si eiga røyst, men skildringane gir òg assosiasjonar til Kjartan Fløgstad, Dag Solstad og Frode Grytten.

I 2009 kom romanen Frægd. Frægd er det norrøne ordet for ære, og Seljestad skildrar den moderne samtida ut frå ei norrøn forståing av røyndomen. Lesaren blir teken med på ordreiser og møter norrøne kvad, sagalitteratur, rap, populære songtekstar og leik med sjangrar.

Romanen Fjorden blei gitt ut i 2011. Klassereise er eit tema i romanen,  i tillegg til store spørsmål som livet, døden og det forgjengelege. I Isberg (2012) skriv Seljestad utprøvande prosa i ein liten romane som handlar mellom anna om sorg og sinne, og ein ung gut blir råka da foreldra døyr i eit ras. Isberget er ein metafor for menneskelege kjensler. I 2013 kom Seljestad med si første diktsamling, Storspring. Eit fabrikkdikt. Sidan har han gitt ut romanane Kjære bror (2014), Ta hand om deg (2017) og Snøen stryk ut alle spor (2019). 

1997 kom Arbeidsløyse som ressurs, basert på hovudfagsoppgåva hans i sosiologi. Sosiologi er vitskapen om samfunnslivet. Han har skrive noveller i antologien Det er bare å lukke øya (bokmål, 2006). I 2006 gav han ut Bastard, eit essay om klassereise.

Seljestad er initiativtakar til og festivalleiar for festivalen Jernrosa Politisk Litteraturfestival i Odda. 

Seljestad fekk Odda Mållag sin målpris i 2004. I 2019 fekk han LOs kulturpris 2018 for innsatsen sin med å skrive arbeidarlitteratur og for å løfte arbeiderlitteratur gjennom festivalen Jernrosa.

Kjelder

Forfattaside om Lars Ove Seljestad, aschehoug.nohttp://www.aschehoug.no/forfattere/alfabetisk/vis?contentItemId=6472462 [lesedato 22.02.2011]

Forfattarside om Lars Ove Seljestad, cappelendamm.nohttp://www.cappelendamm.no/main/katalog.aspx?f=9034 [lesedato 22.02.2011]

Kjell Olaf Jensen: «Hovlandsmål», bokomtale i Dagsavisen av romanen Frægddagsavisen.no, oppdatert 17.02.2009, http://www.dagsavisen.no/kultur/boker/article399076.ece [lesedato 22.02.2011] 

Pressemelding: «Lars Ove Seljestad får LOs kulturpris», mynewsdesk.com, publisert 4.6.2019, http://www.mynewsdesk.com/no/aschehoug/news/lars-ove-seljestad-faar-los-kulturpris-371519 [lesedato 22.02.2011] 

Peikarar

Bokmelding av IsbergMorgenbladet.no

Først publisert: 22.02.2011
Sist oppdatert: 17.06.2019