
Lars Petter Sveen
Lars Petter Sveen, bibliotekar og forfattar. Han var ein av festspeldiktarane under Dei nynorske festspela i 2013 og vart i 2015 kåra til ein av dei ti beste forfattarane under 35 år av Morgenbladet og Norsk Litteraturfestival.
Lars Petter Sveen er fødd 30. oktober 1981 i Fræna i Møre og Romsdal og bur i Oslo. Han har bachelorgrad i historie frå Universitetet i Oslo, studerte ved Skrivekunstakademiet i Hordaland i 2006–07 og tok bibliotek- og informasjonsfag ved Høgskolen i Oslo i 2008–10. I 2011 arbeidde han ved Deichmanske bibliotek i Oslo, og han har vore tilsett i Foreningen !les sidan 2011.
Sveen debuterte i 2008 med novellesamlinga Køyre frå Fræna. Her skriv han ordknapt og realistisk, med innslag av surrealisme, i dei 12 novellene. Handlinga er lagd til Fræna, og det er unge menn som er hovudpersonar. Alle har problem med omgivnadene og hamnar i utfordrande situasjonar. Forfattaren lèt mennene avsløre meir for lesaren enn dei sjølve er klar over. Fleire av novellene har òg politiske perspektiv.
I 2011 kom romanen Eg kjem tilbake. Hovudpersonen Lied er bokhandlar og leitar etter sanninga om far sin. Historia er lagd til framtida, i eit samfunn der strukturane er brotne ned. Romanen er drivande, full av spenning og action. Språket er effektivt og intenst, og Sveen bruker stemningsskapande poetiske bilete.
I 2014 gav Sveen ut romanen Guds barn. Romanen startar i Betlehem då Jesus vart fødd, og er ei historie om kjærleik, vennskap, tru og håp.
I 2008 fekk Sveen både Tarjei Vesaas' debutantpris, Aschehougs debutantstipend og Sunnmørsprisen for debutromanen Køyre frå Fræna. Sveen var ein av tre festspeldiktarar under Dei nynorske festspela i 2013. For romanen Guds barn fekk Sveen Nynorsk litteraturpris 2014. I 2015 vart Sveen kåra av Morgenbladet og Norsk Litteraturfestival til ein av dei ti beste forfattarane under 35 år. Same året vart han tildelt Jan Roar Leikvolls minnepris og Sultprisen.
Kjelder
Forfattaromtale av Sveen på aschehoug.no: http://www.aschehoug.no/forfattere/alfabetisk/vis?contentItemId=1214358 [lesedato 10.1.2013]
Intervju med Sveen i Adresseavisa: http://www.adressa.no/kultur/bok/article1108297.ece [lesedato 10.1.2013]
Peikarar
Tre unge festspeldiktarar på Dei nynorske festspela
Bokmelding av Køyre frå Fræna i Dag og Tid
Bokmelding av Eg kjem tilbake i Morgenbladet
Bokmelding av Eg kjem tilbake i Dag og Tid
Sist oppdatert: 04.11.2015