Hopp til innhold
Foto: Tove K. Breistein/ Samlaget
Foto: Tove K. Breistein/ Samlaget
X
Innhald

Linn T. Sunne

Linn Tormodsdatter Grøndahl Sunne, forfattar, litteraturformidlar og littaraturkritikar med allsidig og prislønt produksjon av lettlesne bøker for born og unge.

Linn T. Sunne er fødd 2. september 1971 i Kongsberg og er busett på Dokka i Nordre Land kommune. Ho er utdanna allmennlærar frå Høgskulen i Oslo i 1995, med fordjuping i norsk, sosiologi og forming.
Mellom 1995 og 2006 arbeidde Sunne som lærar på barne- og ungdomstrinnet i Nordre Land kommune. Sidan 2006 har ho vore tilsett som litteraturformidlar på bokbussen til Oppland fylkesbibliotek. Sunne har òg vore frilans bokmeldar for Oppland Arbeiderblad og barnebokkritikk.no, og mellom 2003 og 2005 skreiv ho manus for fjernsynsserien Hotel Cæsar. I perioden 2006–08 var ho medforfattar av lærebokverket Agora.
Sunne skriv bøker både på nynorsk og bokmål, og ho fekk den skjønnlitterære debuten sin med boka Stjernestøv i 2000. Ho har skrive både lettlesbøker, biletbøker og barne- og ungdomsromanar. Sunne skriv på ein realistisk måte, med korte og lettlesne setningar, og ho viser fram i staden for å forklare.
Bøkene for dei litt eldre lesarane rommar ofte tragiske hendingar, kriser og vanskelege kjensler. Bøkene har som regel jenter som hovudpersonar, og dei er interessante i eit kjønns- og teknologiperspektiv. I barneromanen Happy (2007) skildrar Sunne konsekvensane av at avslørande mobilbilete lett kan spreiast til uvedkomande.
Fleire av bøkene til Sunne har fått gode kritikkar, og i 2007 fekk ho Brageprisen for Happy. I 2012 fekk ho Skolebibliotekarforeningens litteraturpris for forfattarskapen sin, og ho vann Brageprisen i den opne klassa for ungdomsboka Lille ekorn.
Sunne har vore styremedlem i Norsk barnebokforum sidan 2012.

Kjelder

E‑post frå Linn T. Sunne 5.6.2012
Heimesida til Linn T. Sunne: http://www.linntsunne.net/?page_id=36 (gamal nettside) [lesedato 9.6.2012]
Torill Johansen: «Pressemelding»: http://www.skolebibliotekarforeningen.no/index.php?artID=402&navB=1 [lesedato 7.6.2012]

Peikarar

Nettstaden til Linn T. Sunne

Petra J. Helgesen: «Linn T. Sunne: Saiko», www.nynorskbok.no

Først publisert: 02.07.2013
Sist oppdatert: 16.11.2016