Hopp til innhold
Foto: Portal forlag
Foto: Portal forlag
X
Innhald

Martin Skjekkeland

Martin Steinar Skjekkeland er professor i nordisk språkvitskap ved Universitetet i Agder. Han har markert seg som populærvitskapleg formidlar av språk og språkutvikling.

Martin Steinar Skjekkeland er fødd 19. desember 1943 og er frå Kvinesdal i Vest-Agder. Han er cand.philol. med hovudfag i nordisk språkvitskap frå Universitetet i Oslo i 1971. Emnet for hovudfagsoppgåva var talemålet i Bø i Telemark. Han har publisert fleire fagbøker, artiklar og kronikkar om språklege emne. Emna har vore talemålsendring, språkhistorie og språkhaldningar. Han har òg skrive om målføre og skriftmål, om lånord frå lågtysk og hollandsk og om ordtilfang.
Skjekkeland har undersøkt talemålet Bø i Telemark og i Kvinesdal. I 2005 gav han ut Dialektar i Noreg. Tradisjon og fornying, i 2009 kom Språk og samfunn i endring, og i 2010 Dialektlandet. I 2012 gav han ut Språk og kultur – vegar inn i det norske språksamfunnet.
Han har vore med i prosjektet TEIN (Talemålsendring i Noreg) i perioden 1999–2002. Det er eit prosjekt der talemålsendringar i Noreg blir granska, med særleg vekt på språkleg regionalisering og talespråket til ungdom. Han har publisert mange kronikkar om språk i avisa Fædrelandsvennen og arbeider med formidling av kunnskap om norsk talemål via DialektXperten (norsk talemål på nett). Han fekk Sørlandets kompetansefonds populærvitskaplege pris i 2006.
Skjekkeland har arbeidd aktivt for å halde på nynorsk som skulemål i heimkommunen Kvinesdal.
Kjelder
Martin Skjekkeland, presentasjon, Universitetet i Agder: http://www.uia.no/kk/profil/martins [lesedato 18.12.2013]
«Fikk populærvitenskapelig pris for 2006», Martin Skjekkeland tildelt Sørlandets kompetansefonds populærvitskaplege pris i 2006: http://prosjekt.hia.no/groups/webarkiv/index.php?a=skjekkelandd [lesedato 18.12.2013]
Peikarar

Først publisert: 20.01.2014
Sist oppdatert: 11.02.2014